Luke 14 – Med vidsyn
For andre veka på rad har eg vore på Vidsyn, restauranten i 18. etasje i høghuset og ete
god mat. I kveld var eg invitert til å lesa dikt på julebordet til pensjonistgruppa i undervisningsforbundet. Eg trur eg har jobba i lag med nesten halvparten av dei, og ei av dei som var der ar eg sjølv hatt som lærar i si tid.
Det var kjempekoseleg. Eg saknar dei tidlegare kollegene mine, oppdagar eg, og eg innser at eg har bevega meg frå å vera den aller yngste på jobb til å bli ein av dei eldste. Nå er eg faktisk den av alle i kollegiet som har jobba lengst på Bryne skule. Det er ein litt skremmande tanke. Eg oppdagar at eg saknar litt å synga Deilig er jorden, og Long time ago in Betlehem med calypsorytmer på julebordet. Noko av det aller finaste i kveld var å høyra Anne Kristine spela munnspel.
Nå er eg ferdig med alt som skal skrivast av manus og bøker før jul, eg har hatt alle utvklingssamtalane, evaluert iop-ane og gjort unna alle samarbeidsmøte. Nå skal eg ha helg og begynna å tenkja på jula. Eg skal ha besøk, passa barnebarnet, ordna litt julegavar, skriva eit julebrev og kanskje baka litt. Det blir fine greier.
Tider skal komme, tider skal henrulle…
Heidi