Luke 15- Mormordag
Det er fantastisk å sjå på den utviklinga eit lite menneske gjennomgår dei første månadane av eit liv. Frå å liggja med eit introvert, mystisk og klokt nyføddblikk, set ni-vekers-barnet opp smil som kunne ha smelta gråstein, pludrar klokt med omgivelsane og ser seg om med forvitne og vakne auge. Då barna vaks opp sa eg ofte at eg helst ville hatt ein baby i huset til ei kvar tid. Akkurat nå er eg så heldig at eg har ein baby i huset på deltid, og det er fantastisk. Aller helst skulle eg hatt ho her på heiltid, men eg innser at det er noko viseleg i at menneske stort sett får barna sine i god tid før dei er femti. Ein bør kanskje vera ferdig med perioden som tenåringsforeldre før ein rundar syttifem… Det er fint med samver på tvers av generasjonane. For nokre veker sidan då barnet vårt låg der med eit Mona-Lisa- smil gjorde eg kva som helst i håp om at det store ekte smilet frå auga og gjennom heile resten av ansiktet, skulle visa seg. Eg smilte så eg gjekk med konstant gangsperre i munnvikane i dagesvik. Så fekk eg sjå barnet i armane på oldefaren sin, og etter få minutt såg eg han få akkurat det smilet som eg nesten hadde gått på hendene for i vekesvis for å få sjå…
Eg får unna han såpass… Det er forresten merkeleg med oldeforeldre. Framleis vil elevane ha forkle, skaut og dult i håret når dei av ein eller annan grunn skal gå inn i rollen som bestemor. Mi bestemor var akkurat slik, men det var for hundre år sidan. Nå kler bestemødre seg omtrent som tenåringsbarnebarna sine, og oldeforeldre spring omkring i dongeribukser eller småjoggar rundt i fjellheimen iført kompresjonstights. For eigen del må eg innrømma at eg ikkje sprang maraton då eg var i tjuåra, så det er kanskje mindre sannsynleg at eg kjem til å gjera deg viss eg ein gong blir oldemor. Likevel er det litt oppmuntrande å tenkja på at slike oldeforeldre finst.
Eg har hatt koseleg besøk i kveld av Gry og Anne Mette. Me har ete glovarm suppe og løyst verdensproblem. Nå er det viss best å avslutta den dagen som faktisk tok slutt for fleire timar sidan. Eg har store planar om å vera usedvanleg effektiv i morgon.
Eg har sagt til folk som gjerne vil kjøpa bøker direkte frå oss at me er heime frå ca 14.00 og utover i morgon. Nå skriv eg det her og 🙂
Heidi