Gå til innhald

Luke 17- Tredje sundagen i advent

desember 17, 2017

8BC4E449-221F-4999-B7EC-8D9172365DCE

Så vart det jammen skrive eit julebrev i år og, og me har fått gjort klar alle pakkar som skal sendast med posten. Eg gløymer litt frå år til år kor pass lang tid det tek å få gjort det som gjerast skal. Koseleg er det og at huspianisten har kome heim på juleferie, så eg har hatt både pianomusikk og tende adventslys til arbeidet.

Utpå ettermiddagen reiste me ut i vinterveret som var blitt til skikkeleg ekte jærsk regnver igjen. Me hadde ein runde med bøker som skulle leverast slik at dei skulle kunna bli julegavar sånn litt rundt omkring. Med litt tungt hjarte måtte me takka nei til kaffi og sosialt samver opptil fleire plassar. Melding til dei det gjeld dersom dei les her: Me får ta det igjen seinare. Eit par kaffistopp fekk me likevel klemd inn. Det er viktig å ikkje bare jobba på ein sundag, sjølv om denne sundagen frå gammalt av vart kalla «skitnesundag» fordi det mot normalt var lov å jobba for å koma i mål til jul. I stova til Torhild og Per Magne var det julepynta alt i oransje og lilla, og kaffien smakte usedvanleg godt.

I dag kom eg til å tenkja på  at eg faktisk hadde nokre adventrelaterte tekstar i den siste diktboka. Eg har ikkje brukt dei til opplesing, så eg hadde nesten gløymt dei, men her kan det vel vera rette plassen til å få brukt dei…

***

Vona om ei god jul

I regntunge adventsdagar
med forventningar i den fuktige lufta
og fletta julekorger i trea,
går menneska gjennom gatene
med tunge bereposar i hendene,
og vona om ei god jul
i tankane og kroppane
vemodsvakkert modige
i skjæret frå kulørte lykter.

 

Vona om det gode

Sprøare enn peparkaker i desember
og lettare enn ballongar i juni,
enn lyset og dei lette slørskyene,
enn dei høge stripete tårna
med russiske løkkuplar
er vona om det gode.
La ho bera songane våre,
bera alle oss som syklar,
lett vaklande
på einhjulssyklar med narrehattar
og trur.

Heidi

 

 

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: