Gå til innhald

Første dag jul 2017

desember 25, 2017

Etter særdeles travle veker før jul,  så har eg sett fram til rolege dagar frå i dag av… Det var fint å begynna dagen med roleg frokost med kaffi, nytinte rundstykke og aniskringler og selskap av Sunniva. Eg og Leif tenkte oss på juledagsgudsteneste i Brynekyrkja. Ein eller annan hadde kome på den utruleg sympatiske ideen å venta til klokka tolv med gudsteneste denne dagen, det var deilig å ha god tid.

Gudstenesten var mangfaldig og fargerik. Kyrkja er vakkert pynta til jul, og det var akkurat det rette føremiddagslyset som fekk blåtonane i glasveggen til å vera på det aller blåaste og finaste.  Uvanleg nok for den norske kyrkja starta det med evangelieprosesjon der Benjamin, som er heime på juleferie fekk svinga med eit stort røykelseskar, slik at lukta av røykelse gradvis spreidde seg mellom stolrekkjene. Ei mannsgruppe song a capella framme i koret som eit ledd i prosesjonen, og seinare i gudstenesta vart evangeliet, i dette tilfelle Johannesprologen om Ordet som vart menneske og tok bustas mellom oss, lese frå midtgangen framfor koret der to ministrantar haldt kvart sitt levande lys over boka. Dei andre tekstane vart lesne av Leif Andenes, klokkaren vår med ein eigen evne til å lesa tekstar slik at dei blir levande.

Det var fantastisk musikk i kyrkja framførd av kantor Per Olav på kyrkjeorgel, piano og trøorgel, og flinke unge musikarar på trompet og eufonium. Stein, soknepresten vår hadde og ein veldig fin tale, om ordet som vart menneske og om lengten dei fleste av oss har om å vera heile menneske. Han siterte eit utsagn eg aldri før har høyrt, og som eg har lyst til å hugsa til seinare. «I jula bør ein gjera som Gud og bli menneske.» Han siterte og eit dikt av Helge Torvund som eg liker veldig godt. «Gå heim og kyss din kvardag.» Eg hadde tenkt å by på det her, men fann det ikkje i sin heilskap på nettet, så det får venta.

05DBE41B-0ACC-4C76-8FED-49DD056EA37D

I staden vart det eit nærbilete av den fantastiske julekrybba me har i kyrkja som Synnøve ein gong strikka og sydde i lag med trinnet til Sunniva. Det viser noko av det som er mest underleg i kristendommen og som samtidig for meg gjer mest berekraft og sprenkraft. Gud sjølv vart menneske, og kom som det svakaste vesenet, eit nyfødd barn, seinare ein flyktning og eit forfulgt menneske som vart torturert og henretta. Både jula og påsken rommar merkelege mysterium.

87BB44E2-845B-4BC7-89D1-D21DCD7D22BE

Etterpå gjorde me som me vart oppfordra til, gjekk heim og kyssa vår kvardag, som akkurat i vårt tilfelle i dag var den dagen som tradisjonelt har vore minst kvardag av alle, dagar, første juledag.

Eg og Cleopatra fann fred på sofaen med ei bok eg har hatt lyst til å lesa, og som eg fekk av Halvard til jul, Carl Ove Knausgård si bok om Edvard Munch og kunsten hans. Ikkje før hadde me blitt fenga av historia, så vart me utfordra til å vera med og spela Bezzerwizzer, og det kunne me sjølvsagt ikkje seia nei til. Det er ikkje kvar dag me har sjansen til å bruka timesvis på å spela brettspel med Halvard og Sunniva. Så åt me restar frå julemiddagen som smakte godt i dag og. Framleis er det ganske mykje pinnekjøt igjen. Var det ikkje eg som skreiv så fint at nyttårsløftet var å ikkje kasta mat… Er det for seint å frysa det som er att, mon tru? Viss ikkje blir det viss pinnekjøt i to dagar til…

I dag har eg latt vera å gjera noko som helst av alt «som burde gjerast.» Det var så godt å «ikkje gjera noko som helst.» Dei ler inne i stova. Sunniva sine venner sit og spelar spel.
Det er koseleg med liv i huset. Minst to av dei har tenkt å overnatta. I morgontidleg får eg gjera som Torvald Stoltenberg i fylgje anekdotene hadde til vane å gjera, telja alle hodene for å finna ut kor mange frokostegg eg skal koka…

Heidi

 

 

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: