Gå til innhald

Annan dag jul 2017

desember 27, 2017

CFCE32DD-951F-4A49-A1FC-ABBD5D51193B

Kanskje inspirert av den siste diktboka mi og historien om jakten på ei Matrusjkadokke, så fekk eg to variantar avmatrjuskadokker til jul. Den eine var ei julekrybbe.

For meg har både dagane og livet mange lag. Det har menneska rundt meg og. Ibsen skriv om Peer Gynt som var som ein løk, lag på lag og ingen kjerne. I eit dikt eg skreiv då eg var tidleg i tjueåra skriv eg om ein eg-person som strever med å ta av seg maskene, men som blir bedt om å venta til ho er sikker på at det er eit ansikt under maskene.

Eg og Leif har sett fleire episodar av sesong to av The crown dei siste dagane. Der er det in replikk lagt i munnen på ein fotograf som går omtrent slik: » Eg er på jakt etter dei ansikta folk ikkje sjølv veit at dei har. Det er dei som interesserer meg…» Eg forstår kva han meiner.

I dag har me vore i koseleg juleselskap på Figgen, og i kveld kom Trygve, kjærasten til Sunniva med toget frå Oslo for å vera her i romjula. Livet er godt, og framleis er ferien lang.

6E809B9B-54E4-43BE-A117-6DE6A161B96A

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: