Luke 24- Grundig julefeiring
Dagen gar vore lang og intens og god. Heldige er me som har gild familie å feira i lag med. Det vart ein travel føremiddag med alle barn og barnebarn og andre folk på koseleg stikk-innom-besøk mens mor og far og alle som hadde ledige hender sysla med potetskrelling, tilbereding av riskrem, dekking av bord, siste vask av golv og bad og trapper og siste runde med innpakking av gaver. Eg kom ikkje heilt i mål i år heller. Minst eit av romma i huset fungerte som det rommet ein aldri rakk å rydda og som me sette alle moglege andre ting inn på i tillegg til rotet som var der frå før.
Me nådde julegudstenesta akkurat og etterpå var me tretten til bords, fjorten med Iben utan at det talet førte noko gale med seg. Gjestene sitt medbrakte pinnekjøt og kålrabistappe smakte kjempegodt.
Og jammen vart me ikkje mette sjølv om kakemennene og krumkakene gjekk fløyten i går. Gjestene var av det slaget som gjorde kvelden ekstra triveleg. Det vart til og med ein omgang med gang rundt juletreet, det hadde eg aldri sett føre meg på førehand. Første forsøk på å flytta juletreet ut frå veggen førte rektig nok til at det nesten velta, det måtte ein liten folkeaksjon til for å få det trygt på plass i foten att med pynten på. Det er utruleg kva som let seg gjera med godt samarbeid.
Veslejenta gjekk frå arm til arm og fang til fang når ho var vaken og ikkje fekk mat. Det var til ein kvar tid kø for å få halda henne, og då det nærma seg oppbrot måtte eg insistera på at mormor og måtte få ti minutt. Det fekk eg, slikt kan ein ikkje nekta snille menneske på julekvelden. Nå er eg nesten ferdig med å rydda huset for andre gongen i dag, og det har lenge vore på høg tid å ta natta. Det har vore ein fin kveld. I morgon ser eg fram til å ta det med ro saman med dei som camperer her i huset.
Heidi
H
Heidi