Gå til innhald

Godt nytt år

januar 2, 2018

7A7C1472-A94F-4DC1-ABDE-89137C62C5B3

Juleferien har vore god. Det har vore fint å ha Halvard, Sunniva og Trygve her. Det har vore fint å ha fire vaksne ungar, svigerbarn og barnebarnet i heimen. Det har vore fint å vera i lag med resten av storfamilien og vera i lag med gode venner.

Nå er det tida for å kyssa din kvardag, som Helge Torvund så fint seier det i diktet. Eg kan kanskje optimistisk tilføya med Jacob Sande: I morgon skal eg byrja eit nytt og betre liv… trur eg…

Me treng både høge tider som ligg og glitrar over kvardagane, og me treng dei vanlege dagane med ein ikkje fullt så laussluppen form for fest og basar…

I dag fekk eg meg ein ekstra fridag fordi eg jobbar litt redusert og kunne avspasera ein planleggingsdag. Det gjorde godt med ein roleg dag med litt besøk etterkvart, og litt jobbing i kveld. Ferien har ikkje bore med seg mykje ro og aleinetid. Eg sørger over at huset er tomt att og at det bare er meg og Leif og katten att. Eg trøystar meg med at nå får eg tid til å lesa dei fire fine bøkene eg helst vil lesa samtidig, og strikketøyet har eg funne fram att…

Eg kjem sterkt tilbake, nå har eg lova meg sjølv litt lesetid. Den første veka og helga i året er av det  rolege slaget bortsett frå arbeidstid a. Det skal eg nyta.

Nyttårstankar? Det kjem eg sikkert tilbake til, men ein enkel nyttårstanke kan formulerast så enkelt som dette: La oss vera greie med kvarandre og visa kvarandre romsleg respekt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: