Gå til innhald

Glimt frå ei gild romjul

januar 3, 2018

52AD2FBA-3EC6-4FDE-A202-C40C813E5D7D

Me var på gildt romjulsbesøk på hytta til Torhild og Per Magne i lag med Olve og Elin. Det var det kvit jul ute og fyr i peisen.

57800C2B-DD61-4142-A619-0325398EED30

Dagen etter fylde me huset med tre generasjonar gode venner. Me hadde invitert Heidi og Per Inge og Anne Mette og Jan Atle med dei vaksne ungane deira og for Heidi og Per Inge sitt vedkomande med tre barnebarn og.  Det vart veldig triveleg. Det er rart og fint å sjå dei ungane du har sett som nyfødde og fulgt ganske tett gjennom barndomen bli flotte og gilde vaksne. Det hjelper meg å forstå at Sindre er ein vaksen mann på tretti pluss når eg ser han i lag med skuleguten hans og den litt yngre systera.  Det var så pass intenst då selskapet pågjekk at eg bare fekk teke eit par bilete… Biletet over er frå eg deisa ned i sofaen etter at gjestene hadde gått…

Dagen etter kom me oss endeleg ut på tur i eit jærsk vinterlandskap med is på vasspyttane, rim i graset og svarte skarvar på kalde steinar.

7964A3A6-1C0C-4625-8370-F20537CF1CE3

På nyttårsaften fylde me og huset med gilde folk og var ti rundt bordet. Alle bidrog med litt mat kvar og det vart eit fantastisk felles festbord med hovudrettar og dessert. Det vart kaffi og kaker ut på natta ein gong, men då var folk så mette at nesten alt måtte ryddast vekk igjen etterpå. Me hadde med oss flink pianist så det vart avsunge både Solnedgang på Jæren, Beatles, Vamp og diverse anna.

Og endeleg då nyttårsaften kom, hadde eg rukke å rydda huset skikkeleg til jul og hadde funne julemerkelappar og diverse me ikkje fann på julafta, funne dei siste julebreva eg ikkje hadde nådd å lesa og sett fram den siste julepynten… Då går det jo ikkje an å begynna å rydda vekk att…

E41C70D6-9ED0-483A-9EDC-CC58C0FD3B11

I går hadde eg ein planleggingsdag å avspasera, så då inviterte eg syster, mor og far på lunsj. Mor hadde med seg diverse julepynt ho hadde arva etter bestemor som ho ville at me «ungane» skulle få overta. Dette er eit utval av den julepynten eg kvar jul i barndomen fekk hjelpa bestemor å henga på treet under strenge formaningar om å vera veldig, veldig forsiktig. Då me pakka pynten saman etter jul, pakka bestemor ei og ei julekule forsiktig inn i eit tynt appelsinpapir før ho vart lagd på plass i sitt rom i øskja før øskjene vart forsiktig stabla i ein trekasse.

Noko av dette er juletrepynt heilt frå mor sin barndom og veldig knusbart, så eg lurer jo litt på kva liv eg klarer å gje kulene her hos meg. Men pynt er utan tvil til for å brukast, så eg klarte ikkje dy meg for å henga ein del av den gamle pynten rett på juletreet mitt som altså står her og lyser framleis.

I dag var det full fart på jobben igjen. Nå har eg ein roleg kveld, og skal unna meg eit par timar med nokre av bøkene som ropar på meg. Den eine er julegaven frå Halvard, Carl Ove Knausgård si bok om Edvard Munch sin kunst. Den andre er ein 800 sider tjukk Sigbjørn Obstfelder- biografi, som eg har lånt på det digitale biblioteket. Den tredje er Ketil Bjørnstad si bok 80- talet. Den har eg stått på lang venteliste på på det digitale biblioteket, og i gårkveld vart den min tur. Eg elska bøkene om 60-talet og 70-talet, og har verkeleg gledd meg til denne. Derfor kunne eg ikkje dy meg for å begynna på ho med det same, sjølv om eg bokstaveleg talt er midt i to andre bøker. Eg trur det får bli Ketil Bjørnstad i kveld, eller kanskje rett og slett ein time med kvar. Alt det andre eg skulle få gjort i dag er eg ferdig med, iberekna å gå tur, så nå er kvelden min…

Den som liker å lesa har alltid noko kjekt å gjera. Eg er velsigna slik…

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: