Første helga i januar
Den første helga i januar kom med nydeleg jærsk vinterver. Eg hadde nesten gløymt av kor gildt det er å gå tur i solskin. I haust har me nesten gløymt kor fint det er med solskin og vindstille. Tenk så spreke me kunne ha vore dersom det var slik her alltid… I går parkerte eg og Leif bilen på Svingen grill, er det ikkje det det heiter mon tru, og så gjekk me tur derifrå og ned til sjøen og ende opp i havneområdet på Brusand. Sjølv om det ikkje var snø, så var deler av landskapet heilt kvitt av rim.
Det må vera den jærske varianten av Winter- wonderland…
I dag var eg oppe på Tinghaug og oppdaga at dei hadde sett opp ein benk på toppen for folk som liker å sitja og betrakta utsikta.
Den måtte eg sjølvsagt prøva, men sjølv med utsikta til å få ein fin solnedgang, så vart det litt i kaldaste laget…
Kanskje er det jærbuen i meg som synest at steinar ofte er uvanleg vakre. Det kan jo vera ei genetisk tilpasning at folk her er nøydde til å sjå med ein viss velvilje på stein…
Og på vegen ned att fekk eg med meg solnedgangen og.
Elles så har me vore på ei veldig fin kunstutstilling på Sandnes. Per Odd Aarrestad har laga bok saman med dotter si, Ingvild, om det å mista ein ektefelle og ei mor i plutseleg sjukdom. Teikningane hans var sterke, triste og vakre på same tida. Nå gler eg meg til å lesa boka.
Denne helga har vore av det rolege slaget. Det har vore deilig. Ofte er det så mykje eg skal rekka i løpet av ei helg. Det einaste verkeleg sosiale innslaget vart ei spontan feiring her hos oss av far sin 78-årsdag på fredag. Det vart veldig fint. Elles så har eg nesten ferdigstilt dåpskjolen med påsying av masse nupereller og sying av dåpslue. Eg kjem til å koma i mål. Dei vanskelegaste detaljene syr eg for hand, då er eg sikker på å få det fint. Eg er litt for lite i lag med symaskinen min til verkeleg å ha taket på litt kompliserte operasjonar. Det blir hemper i ryggen i staden for knapphol. Det kjem nok til å fungera det og.
Elles så har eg lese meg gjennom heile Ketil Bjørnstad si bok om 80-talet. Det var ei bok det var vanskeleg å leggja frå seg. Eg har lyst til å skriva meir om boka, men trur det får bli eit eige innlegg. Dette er i lengste laget allereie.
Heidi