Gå til innhald

Gjennom åttitalet med Ketil Bjørnstad

januar 7, 2018

Eg har alltid vore uvanleg glad i å lesa bøker, og har i ekstra travle periodar i livet mitt nesten vore ein litterær «skapdrankar». Eg hadde bøker i kjøkkenskuffer og badeskap i tilfelle det skulle opna seg ein moglegheit til å smuglesa ein gong i løpet av dagen. Eg hugsar og i barndomen kjensla av å koma heim med ein pose biblioteksbøker og håpa ein fann ein freda plass i huset der ingen skulle få ideen at ungar heller burde vera ute i det fine verekt…

Nå med mann og katt og elles nesten tomt hus er det lettare å krypa inn i ei bok og bli der ei stund. Eg har vore ridd av denne følelsen at denne boka må eg bare bli ferdig med før eg legg ho frå meg, og så blir det nesten manisk lesing, heilt til eg med ein tom skuffelse, må innrømma at boka er ferdiglesen, og meir får eg ikkje vita.  Eg har tidlegare lese Ketil Bjørnstad sine  bøker om seksti-  og sytti-talet med den same fascinasjonen, og håpar at han har lyst til å skriva vidare. For meg fungere denne vekslinga mellom den personlege historia hans og historiske hendingar veldig godt. Han er ni år eldre enn meg, men me har likevel langt på veg dei same referansane. I likskap med dei fleste som var nesten, eller heilt ferdige med å vera tenåringar då åttitalet var her, hugsar eg og kor eg var så Oddvar Brå brakk staven, då Treholt vart arrestert, då Bobbysocks vann Grand prix, då romferga eksploderte, då Mathias Rust landa med privatfly på Den himmelske freds plass, og då Berlinmuren fall. Eg hugsar og Jappetida og ein del av kaféane han refererer til, og eg var og på konsert med Leonard Cohen. Eg har og ubehagelege minne om den kalde krigen, og hugsar dei fleste av kjendisane og kulturpersonlegheitane han refererer til. I motsetnad til dei fleste av oss andre så stod han midt oppi det og var personleg omgangsvenn med ein del av dei me andre bare såg på fjernsyn.

Deler av forteljinga hans kan kanskje samanliknast med Carl Ove Knausgård sine bøker, men Ketil Bjørnstad er mykje meir oppteken av å verna dei han skriv om. Derfor blir det ein av trådane i boka historia om ting han antyder meir enn å fortelja rett ut. Eg synest det fungerer at me ikkje får vita alt. Han utleverer seg sjølv, men viser varsemd med andre sine liv. I denne typen litteratur er det sjølvsagt eit stort etisk dilemma korleis ein skal snakka sant om livet utan å utlevera andre sine liv. Det let seg sjølvsagt bare gjera til ein viss grad sidan me menneske er utprega flokkdyr. Enten me er intriverte eller ekstroverte eller noko midt i mellom, så er liva våre tett samanvovne med andre sine liv, både dei som står oss aller nærast og resten av samfunnet og flokken me høyrer til i.

Sjølv om ikkje alt blir sagt rett ut, så gjer han meg den same kjensla som Knausgård av å få vita korleis det eigentleg er å vera eit anna menneske. Ein del av refleksjonane og kjenslene hans kjenner eg meg forbausande godt att i, samstundes som eg og får vinklar på livet som i utgangspunktet definitivt ikkje er mine. Nå skal det seiast at eg er over gjennomsnittleg glad i biografiar og forteljingar om det å vera menneske. Det er ikkje sikkert du som les dette vil gå gjennom Ketil Bjørnstad sine bøker om 60- 70- og 80-talet med same lesefryden som eg har gjort, men eg vågar å anbefala deg å prøva- .

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Åh, jag kan verkligen minnas känslan av att komma hem med en kasse biblioteksböcker!
    «der ingen skulle få ideen at ungar heller burde vera ute i det fine verekt…» Ha ha, stor igenkänning! 🙂
    Vilket skulle du säga är Norges största skönlitterära pris? Jag borde verkligen uppdatera mig bättre både när det gäller norsk och dansk litteratur och definitivt försöka läsa i original. Jag kanske till och med skulle våga mig på Ketil Bjørnstad. Eller… kanske inte till att börja med 🙂

    • Eg trur du kan gå rett på Bjørnstad… Men det hender eg bommar på kor lett det er med andre skandinaviske språk. For meg som nordmann er det heilt uproblematisk å lesa både svensk og dansk, men det ser ut til å vera vanskelegare andre vegen. Eg veit ikkje heilt korfor det er slik 14. jan. 2018 kl. 17:20 skrev sporisand : > > >

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: