Gå til innhald

Kjøb sandala og bjynn å gå…

januar 14, 2018

Dei første vekene i det nye året har eg rett og slett fått dilla på å gå. Eg er så barnsleg at eg må innrømma at det har samanhang med ein julegave som innbefatta ein skritteljar rundt handleddet…

I tillegg så har det nesten ikkje regna etter jul, og etter ein haust der det regna kvart einaste matfriminutt på tysdagar, minus eitt, ( då har eg vakt…) og elles stort sett heile tida, så er dagar utan regn som luksusgavar å rekna…

Eg har funne ut at ein må skryta mens ein kan, og i tilfelle nokon er i tvil, så er det det eg gjer akkurat nå… I neste veke kan friluftsånda vera fordufta som dogg for sol… Det er og alltid slik at ein må samanlikna seg med dei rette folka… På fredag då eg var flink og traska gatelangs utan sykkel eller bil, så møtte eg tre gode kolleger i kompresjonstights eller noko slikt på veg til trappetrening i høghuset… Alle har opptil fleire syskenbarn på Gjøvik eller endå nærare…

Eg har eigentleg ganske mykje eg har lyst til å skriva om, men neste kapittel får koma ein annan dag, ho tek trass alt ein del tid, denne gåinga 🙂

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: