Gå til innhald

Vinter på besøk

januar 18, 2018

B7339B5E-3D9A-42CA-BA1C-04F36606016B

Det er kjekt for ungane, og i grunnen for oss andre og at vinteren stikk innom her i vind- og- regnversland. Det har vore kaldt heile veka, og ein morgon vakna me til eit kvitt landskap. I «blålysninga» sånn i nitida er det blått og kvitt og vakkert ute.

Elevane må bruka snøen medan han er her, og lukkelege vinterbarn med kalde fingrar kjem trekkjande med akebrett, kjelkar og rumpebrett, og gangane flyt av smeltevatn. Lærarane diskuterer om me skal la timeplan vera timeplan og senda melding heim om at i morgon er det tida for varme klede og kakao. Så kan ungane ta med seg minna om snø og naglabed og om tjue år kan dei fortelja om at då eg var liten, då var det snø kvar vinter…

0DBCE4A4-5166-4EB8-B018-85E05E4ED034

Sjølv har eg lese ut ein åttehundre sider tjukk biografi om Sigbjørn Obstfelder, og kan slå fast at det livet han levde ikkje var det enklaste. Det er rett og slett forståeleg at han lurde på om han var komen til feil klode.

Slikt kan forresten nokon kvar lura på når ein høyrer nyheitssendingane på radio, er me på rett klode? Når me får drukke litt svart kaffi og tent eit stearinlys i morgon- eller kveldsmørket, kan me heldigvis som regel konkludera med at det er me… Og mange fine folk har me rundt oss i mange sirklar utapå kvarandre.

I går la eg siste hand på dåpskjolen til Lillegull. Me fann aldri heilt ut av knappholsfunksjonen på den nye symaskinen min, så det ende med å bli silkehemper i staden…

D838B6AE-B1E3-433D-9D76-C53D11170A09

Det merkelege med meg og mønster er at resultatet aldri blir «mønstergyldig», og det er kanskje like greitt. Eg har og skrive ein velsigningssalme for eit nyfødd barn, og teksten har nettopp fått ein nydeleg melodi. Etter dåpen byr eg på teksten her på sida mi.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: