Dåp
Naturen baud på den finaste vinterdagen som tenkjast kan her på Jæren, sol og vindstille og snø som gjekk heilt ned til sjøen.
Eg vart heilt overvelda av følelsar i dag då eg kom til Klepp kyrkje i god tid for å hjelpa til med å få på dåpskjolen. Plutseleg var alt så sterkt og fint, nesten heilag. Eg møtte fleire kjende i kyrkja enn eg hadde rekna med. Bortsett frå fire gravferder, har eg nesten ikkje vore der sidan det året me budde på Klepp, det året då Ingrid vart døypt.
Det var heilt fantastisk at velsignelsessalmen eg skreiv til Iben og alle andre små for bare to veker sidan kunne bli framførd under gudstenesta i dag. Det slår meg igjen kor fort slike ting går med litt tidspress i ryggen. På tysdag melde den flinke komponisten min, Toril Lode Bøylestad at ho hadde laga melodien, og på torsdag hadde Torill fått Silje Helland Sotnakk til å stilla som songar. For nokre damer. Eg er djupt takknemleg. Eg lova at eg skulle leggja ut teksten etter barnedåpen, så her kjem han:
Velsigningssalme
Me kjem til deg, vår Gud, med takk,
og lyfter fram for deg,
eit lite barn og bøna:
Gud velsigne heim og veg.
Gud signe deg, du vesle liv,
Gud signe deg som kom,
med pust og gråt og songar,
og i undring ser deg om.
Velsigne stega du skal gå,
velsigne haust og vår,
velsigne vinternatt og vind,
og sommar, sorg og sår.
Velsigne kjærleik, håp og smil.
og tillit, tvil og tru,
velsigne lys og mørke,
ja velsigna vere du.
Velsigne kvart eit barn på jord,
og vegen det skal gå,
velsigne oss med mot nok
til å verna alle små.
Heidi
Eg skal og bli bestemor. 🙂 Salmen din rører djupt.
Det var et vakkert dikt, har du noe opptak med melodi til, det hadde vært kjekt å høre 🙂