Gå til innhald

Måndag i Valencia

februar 12, 2018

 

33BEA48E-D685-4C2E-8186-BDA731F3BAA4

Som sagt,så bur me sentralt i gamlebyen her i Valencia. Me låser oss inn døra og går opp ei smal og svingete trapp i andre enden av bygningen, slik ser trappeoppgangen ut.

7995E7A1-14D4-4DCD-B6E8-B3BFB9B6020E

Så går me gata ned, og viss me vil ut av gamlebyen, går me gjennom denne porten i den gamle bymuren.

171050DD-6314-4266-B0A2-021DAE0E8428

Så kan me gå på ei bru over parken i det gamle elveleiet, den me gjekk tur i i går.

I dag ville me dra på ein liten utflukt med trikken, så det gjaldt å finna ut korleis billettsystemet var. Me var usikre på om me hadde klart å validiera fleirreisekortet vårt, så me spurde ei dame på trikken. Det viste seg at det hadde me ikkje klart, så me hoppa av på første stoppestaden i tilfelle kontroll.

Det var lurt på meir enn ein måte, for då me kom av viste det seg at me var på veg i feil retning. Då me kom på rett trikk var det første me møtte to kontrollører, så då var det greitt å kunna smila og visa fram gyldig billett.

9DCDA78D-A458-4E6B-8E93-44C43868C8C3

Målet var å dra ut til sjøen til ein tidlegare gammal fiskarlandsby, som nå ligg innanfor bygrensa.

Det var ei fin lang og brei strand der, så me bestemte oss for å gå ein tur langs sjøen. Det var mest ingen folk der. I det fjerne såg me ein heil flokk svartkledde personar. Først lurte eg litt på om det var muslimske kvinner som var ute og gjekk tur, men då me kom nærare viste det seg å verampolitifolk. Plutseleg forstod me at det var ein drukna mann som låg på stranda med politifolk rundt. Dei hadde ikkje sperra av området. Han hadde nok lege i sjøen ei stund og dei pakka han rett og slett inn i ein plastpresenning.

Eg rakk å sjå nok til å bli fylt av både ubehag og tanken på kor hårfin grensen mellom død og liv kan vera. Me gjekk snaraste vegen opp frå stranda og såg at både ambulanse og fleire politifolk venta oppe på bilvegen.

I følge det Leif hadde lese seg til, så skulle sjølve landsbyen litt inn frå strandområdet, vera ganske forfallen. Det viste seg å vera informasjon som ikkje var overdreven. Det hadde nok vore fint der ein gong, men nå stod fleire av husa klare til å ramla saman. Ein skulle tru at desse gatene så nære sandstranda kunne verta eit trendområde å bu i, men foreløpig såg det ikkje slik ut.

Me skulle feira litt at Leif fylde år i dag, og leita etter ein stad å eta lunsj. For meg vart det kaffi og bolle, for menyen på den einaste plassen me fann, frista ikkje. Reisekameraten min åt høne med hals og venger i tjukk brun saus og steikte røykte sardiner. Eg er fullt klar over at kanskje dei aller fleste menneske på jorda ville ha jubla over eit slikt måltid, og innser med ein lettare skamfølelse at eg nok er frykteleg bortskjemt.

I dag var Sunniva på universitetet på dagtid, men ho møtte meg på ettermiddagen for å ta ein jentetur i butikkar. Me var i fleire bokhandlar, i vintagebutikkar, små butikker med «rare ting» og i ein kunstbutikk. Det eg handla var ei godnatt- biletbok med tekst på tysk og spansk og eit såpestykke. Til slutt var me trøytte i beina og sette oss på ein kafé og åt bittesmå vegetarvårrullar og drakk kaffi.

Om kvelden skulle me møta Leif og feira han litt på ein marokkansk restaurant der Sunniva hadde bestilt bord. Det viste seg at alle restaurantane ho hadde høyrt skulle vera bra haldt stengd på måndagar, men på nettet hadde ho funne denne marokkanske plassen som hadde fått gode anmeldingar.

Me møtte Leif og vandra fram og tilbake dei same gatene utan å finna fram. Det viste seg å vera litt innvikla å navigera etter GPS. Til slutt kunne me letta konstatera at her var det, og gjekk inn og fann eit bord. Det var riktig nok eit mindre enn me hadde trudd ut frå internett, men det er ikkje alltid alt er slik det gir seg ut for å vera. Først etter at me hadde fått maten, oppdaga me at me var på feil plass. Dei kunne ikkje finna reserveringa vår…

Den staden me havna på var nok både mindre, enklare og billigare enn den me eigentleg skulle på. Kelnaren var ung og søt og hyggeleg og betrudde oss at det slett ikkje var første gongen folk gjekk feil…

Life is what happens to you when you’re busy making other plans. Det har vore ein dag med merkelege opplevingar, men Leif meiner at han har blitt feira og er glad. I morgon blir det kanskje ein tur på kunstmuseum om alt går planmessig føre seg…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: