Tysdag i Valencia- Bli med på kunstutstilling –
I dag var det dagen for kunst. Eg og reisekameraten har nok litt ulik appetitt og metningspunkt for kunstmuseum, så etter hans forslag fann me ut at han kunne gjera noko anna mens eg var på museum, slik at eg kunne få bruka så lang tid eg ville utan utålmodige blikk…
Sidan eg liker å oppleva ting saman med nokon, så fotograferte eg og legg ut her slik at nokon kanskje kan dela inntrykka litt. Eg var på museumet for moderne kunst på fem ulike utstillingar. Det eg gjer her er på sett og vis heilt respektlaust… Eg legg ut bilete av kunstverk som umiddelbart appellerte til meg, utan ein gong å kredittera kunstnaren. Unnskyld…
Fleire av dei utstillingane eg såg var abstrakt kunst. Ein av kunstnarane var sitert på ein plakat på at ho ville sleppa å setja ord på noko som for henne var ordlaust. Ho hadde ikkje ord for korfor intuisjonen dreiv henne til å velja to fargar og setja dei saman eller laga tre former som ho visste passa saman utan å vita korfor.
Det er litt rart å vera i eit land der eg forstår litt av språket, spesielt viss eg får lesa det, men samtidig så lite at eg er ute av stand til å kommunisera muntleg. Mange her, til og med dei som jobbar på museum, kan forbausande lite engelsk. På den eine utstillinga fann eg ikkje vegen ut og ville snu og gå tilbake. Ei vakt viste med fakter og kroppspråk at det ikkje gjekk, eg måtte gå vidare gjennom heile utstillinga.
Gjennom kor? Han viste meg veg gjennom nokre mørke kulisser, eg fekk nesten klaustrofobi, kunne dette vera rett. Eg kom inn i eit heilt mørkt rom der nokre menneske såg film på eit lerret. Eg prøvde å spørja vakta om vegen ut. Ho lyste på lerretet. Eg vart nesten villeda til å gå rett på, kanskje det ville opna seg ei hemmeleg dør? Heldigvis forstod ho i tide at det var ut eg ville og lyste med lykta mot ein mørk labyrint som tok meg ut…