Onsdag i Valencia – Dei som syklar modig utan pedalbrems…
I dag har me vore på farten heile dagen. Sunniva kunne ta heilt fri frå universitetet, og me hadde funne ut at dette måtte vera dagen for ein sykkeltur. Sunniva brukar ofte desse bysyklane, og i kollektivet ho bur i har nokre av jentene spleisa på to ekstra sykkelkort, slik at når nokon har besøk heimefrå kan dei låna gratis bysyklar.
Eg var i utgangspunktet litt skeptisk, eg veit frå før at storbysykling kan vera litt skummelt, og etter at eg sykla i ein husvegg med ein lånt herresykkel utan bakbrems der føtene sat fast i pedalklyper for sånn ca førti år sidan, så har eg vore skeptisk til syklar utan pedalbrems. Det er ein av mine mange små nevrosar…
Bysyklane viste seg å vera heilt problemfrie å manøvrera, sykkelstisystemet var godt utbygd, og dei andre to var flinke å ta hensyn til ein litt pysete medsyklist… Systemet er at ein bare kan ha ein sykkel ein halvtime om gongen, så med jamne mellomrom måtte me finna eit bysykkelsystem og byta syklane.
Me parkerte syklane og gjekk langs strandpromenaden til me kom til ein veldig koseleg kafé der Sunniva hadde vore før eit par gonger.
Det var mange kafear i området, nokre veldig innbydande, andre meir forfalne.
Me vandra langs sjøen og kikka på alle som var ute for å jogga eller gjera gymnastiske tøyeøvingar. Me møtte og ein klasse med femtenåringar som hadde utegym med læraren sin, ein spansk entusiastisk variant av Sven Serigstad med treningstights og caps. Dei coolaste jogga i dongeribukse, og sjølvsagt var det minst ein som lurde seg bak ein lokal kafé for å ta ein ufortent pause. Det er alltid fascinerande å observera kolleger i arbeid.
Ein gatemusikant av det slaget som var flink til å spela trekkspel, sat på ein Stein og spelte den eine tangoen etter den andre. Som ein variant av hatten på fortauet foretrakk han å få pengane «rett i næven» og så direkte i buksekommen.
Etterpå sykla me ned til havna og inn mot sentrum. Dei som vil bli med oss vidare må gå til del to, for nå begynner programmet å henga pga alle bileta.
Heidi