Torsdag i Valencia – del to
Høgdepunktet kvar dag er når Sunniva er ferdig på universitetet og kan møta oss. I dag var den eine forelesaren hennar sjuk og måtte avlysa, så ho kunne møta oss alt i halv tre tida. I dag kunne ho visa oss kor me kunne nyta livet og finveret på ein kafé som hadde uteservering i bakgården. Mens me var der kommuniserte me på Facetime med det fire månadar gamle barnebarnet vårt. Heldigvis hadde dei andre bakgardsgjestene ha gått, elles kunne dei ha begynt å lura når alle sat med fjollete smil og gurgla inn i ein mobil som gjekk på rundgang…
Om ein veit kor ein skal gå, så et det mange kafear her der ein kan sitja og lesa eller skriva med ein kopp te eller eit glas appelsinjus. Sunniva og eg hadde ein lese- og skrivepause på ein til kafé medan me venta på at butikkane skulle opna att etter siestaen klokka fem. Eg trudde kanskje at siesta var eit sommarfenomen, men her praktiserer dei det heile året. Både skular og butikkar stenger midt på dagen.
I dag gjekk me i eit strok med mange rare små butikkar med gjenbruksvarer, kunst eller kunsthandverk. Eg ende opp med å handla meg ei fargeglad handlaga lærveske i glade fargar, to prikkete kulepennar og nåler av metalltråd og perler til inntekt for eit utviklingsprosjekt i eit afrikansk land. Sunniva prøvde klær i second-hand- butikkar og fann noko ho likte.
Spanjolane et middag frå halv ni og utover, derfor startar middagsserveringa på kafear og restaurantar klokka halv ni. For oss kan det jo virka som ein merkeleg døgnrytme, ikkje minst for barnefamiliar. Kanskje barna søv i siestaen, eller kanskje middagen er for dei vaksne? I dag avslutta me dagen med fin spansk mat på ein restaurant som ligg i nærleiken og heiter Canela. Me fekk skinkekrokettar og steikt camembert med blåbær til forrett. Hovudretten vart ovnsbakt torsk til meg og valensiansk paella til far og dotter. Det var veldig godt alt saman. Det kan tenkjast å bli hardt å koma heim til heimelaga kvardagsmat etter ei veke med dette livet.
Heidi