Gå til innhald

Fredag i Valencia

februar 17, 2018

NI mellomtida har det blitt lørdag. Eg sit på flyplassen i Alicante og har på møysommeleg vis klart å kopla meg på eit gratis nettverk for passajerar, så nå får me sjå om dette funkar.

I går var det siste føremiddagen vår i Valencia, og me bestemte oss for å vandra rundt i byen og leva etter innfallsmetoden.

D911C5D6-1463-4062-9551-3FE90EF995F2

Me vurderte å kjøpa nye og meir internasjonale 17. mai antrekk, men dei tradisjonelle antrekka dei hadde å by på hadde viss verken rett storleik eller prisklasse.

Eg gjekk inn i ein leikebutikk for å kjøpa meg ei ny badeand. Då eg kom ut var posen så tung at eg stussa og måtte sjekka. I tillegg til den lyseblå badeanda med krone låg det ein leikepistol. Først trudde eg det var ein gratisgave til kundane, men då eg såg at pistolen kosta elleve euro tenkte eg at noko måtte vera feil. Dessutan hadde eg ingen interesse av å eiga ein stor sølvfarge knallpistol. Resolutt gjekk eg inn att i den bare- spansktalande butikken med pistolen i handa. Dei såg rart på meg, og eg måtte forklara på veldig haltande spansk. Først etterpå gjekk det opp for meg at eg kunne blitt teken for ransforsøk. Eg trur leikepistolar er populære til slikt.

Me ende med å gå tilbake til vitenskapsmuseet, der me såg på ei stor utstilling av trefigurar som skal vera med i ein parade på ein stor festival og bli brende etterpå. Figurane er ironiske karikaturar av spanske politikarar og kjendispar. Dei fleste var ukjende for oss, men både paven, Putin, Donald og Kim var der.

1D3374E5-BD75-479B-8246-B96F2514347F

Etterpå gjekk me ned til havna og strandpromenaden før me tok trikken tilbake.

Då Sunniva var ferdig med forelesningar for dagen hadde ho og eg ei aller siste byvandring før me avslutta med take- home- vegansk meny som me avslutta kvelden med I leiligheiten hennar. Det var trist å måtta ta farvel for denne gongen. For ei fin veke me har hatt og for ein fin by Valencia er.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: