Å vera heime i februar
Me hadde ein fantastisk vinterferie i Valencia, men det var slett ikkje så verst å koma heim heller. Å bli teken i mot på flyplassen med eit ventande barnebarn i barnesetet var stort. Ho hadde rukke å veksa merkbart på bare ei veke. Vel heime var det tida for å føla seg litt norsk igjen. Det var litt rart å vera langt vekke første veka av OL, så det vart litt OL-oppdatering i løpet av sundagen, og det vart strikking på sofaen med kaffikopp og ullteppe og ein malande katt i fanget som var nokså underernært på kos og klapping.
Sjølv om det var kaldare her enn i Spania, så er det vårkjenning heime og. Det er mykje vatn på stadar der det pleier å vera tørt land, etter ein våt haust og vinter, men snøklokkene blømer og sola har vore her mest heile veka.
Det er framleis vinter, men det er lysvinteren som har overtatt etter mørkevinteren. Nå er det lyst om morgonen når eg går til jobb, og det er lyst når eg går heim. To dagar har eg teke opp min gamle jobb som barnepike.
Eg har faktisk vore i lønna jobb sidan eg gjekk i andre klasse på skulen. Frå eg var åtte til eg var seksten år, passa eg barn i to timar kvar ettermiddag. I løpet av desse åra rakk eg å ha fem barn som eg passa frå dei var babyar til dei var eit par år. I tillegg sat eg ein del barnevakt om kveldane. Det var ein måte å tena lommepengar på, men mest av alt var det ein jobb eg gjorde med lyst og glede og i grunnen aldri tenkte på som ein jobb, men eg tenkjer jo i etterkant at det var ein god måte å læra å ta ansvar på.
Nå er sirkelen slutta. Det er kjempekoseleg å ta ein trilletur med barnevogn på lyse ettermiddagar, og den vesle personen som ligg i vogna, får eg aldri nok av.
I ettermiddag måtte eg ut og gå ein tur, for det hadde vore ein roleg dag inne fram til då. Som det kjem fram av bileta, så var det nydelege kveldsfargar ute. Eg såg bare ein av svaneungane i Tjødna, ein flott ungdom flankert av foreldra sine, og lurer på om det bare er ein av dei som har klart seg gjennom vinteren. I så fall er det synd etter alt det bekyttelsesarbeidet dei vaksne svanene har lagt ned. Dei har nesten ikkje sett augene av avkommet sitt.
Før eg avsluttar innlegget, så har eg lyst til å anbefala to bøker eg har lese i helga. Den eine er ein roman: «Harpesong» av Levi Henriksen. Plateprodusenten Jim er fadder i ein barnedåp, men er så fyllesjuk at han har vanskeleg for å konsentrera seg. Når salmesongen startar, blir han sett heilt ut og nesten løfta til himmels. Han høyrer nokon synga bak seg. Songarane viser seg å vera tre søsken i åttiårsalderen. Han får vita at dei ein gong var ei berømt songgruppe med utgangspunkt i ein pinsemenighet som gav ut plater ein gong for lenge sidan. Jim blir besett av tanken på å få dei til å synga inn ei plate, noko som til å begynna med virkar uoppnåeleg. Han utviklar eit merkeleg vennskap med dei tre, og blir vikla inn i historien deira på ein fascinerande måte.
Eg liker at Levi Henriksen lagar ein historie som er både utradisjonell og som kanskje i utgangspunktet virkar usannsynleg, og klarer å trollbinda meg som lesar. Denne boka klarte eg mest ikkje å leggja frå meg.
Det same gjeld den andre boka, som eg Sunniva anbefalte og lånte meg. Boka er eo novellesamling som heiter «Historien om fru Berg» av Ingvild Risøi. Boka inneheld hjarteskjerande historier om menneske i vanskelege situasjonar som gjer så godt dei kan. Her møter ein barn med psykisk sjuke foreldre, ungdomar som slit med livet og ein vaksen som kanskje ikkje klarer å ta godt nok vare på barna han elskar og på kjærasten med fødselsdepresjon. Boka snakkar sant om det å vera menneske på ein måte som gjer vondt, men som samtidig er fylt med varme og respekt for dei som dett utanfor dei ferdiglaga firkantane. Det håpar eg me andre klarer å gjera og.
Heidi