Gå til innhald

Niande mars

mars 9, 2018

6EF592FB-3380-4CF4-B6A0-0595EE91C29A

Dagane har blitt lyse, og dei har vore kalde. Mars månad kom i ein periode med det kaldaste vêret i manns minne.

Det er fint, vinter er for meg to tilstandar. Den eine har med lyset å gjera og den andre med temperaturen. Her i vårt hjørne av livet er det slett ikkje alltid samsvar mellom tilstandane. Me kan oppleva mørk, mild og våt vinter ved juletider og lys iskald vinter i mars. Nå har me hatt den siste varianten ei stund, og han varte så lenge at me kunne ta med elevane på skøytedag på isen på Tjødna.

 

Sist helg hadde me koseleg besøk av Astrid frå Hamar. Det vart to fine turar til Stavanger og ein tur til Hå gamle prestegard i fin vintersol.

 

Den delen av meg som ikkje er lærar i grunnskulen, men som kanskje kan titulera seg som frilansar må og få litt tid og plass. Plutseleg oppdagar eg at eg har fått purring på ein mail om digital presentasjon som hadde gått meg hus forbi. Eg er i samtalar med kommunen om tilrettelegginga av eit prosjekt i den kulturelle skulesekken, eg har snekra tekstar til ei som skal gi ut plate, og i dag har eg hatt eit møte om eit veldig spennande bokprosjekt.

På gata møtte eg ein som sa at me snart måtte møtast for å laga avtale fordi han har laga melodiar til tekstar eg har skrive og skal gi dei ut på plate i sommar. I tillegg har eg gåande prosjekt med ein del andre musikarar ( sånn tre- fire stykker og kanskje ein til). Eg er veldig glad i samarbeid. Det er nesten magisk å få til ting saman som ingen av partane kunne ha laga aleine. Men eg må innrømma at det er den kreative delen av det som er det eg liker best. Det er mykje kjekkare med skapande leik og spennande samtalar enn avtaleskriving, administrasjon og sekretærarbeid i eige liv…

På arbeidsrommet mitt har eg nokre hyller som er så fulle at kvar gong eg prøver å dytta noko inn i dei, så ramlar noko anna ut… Men nå skal eg strikka litt, det er mykje kjekkare enn å rydda, og etterpå skal eg ha ein barnevaktkveld.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: