Sundag i mars
Her er det sundag føremiddag. Kaffikoppane er rydda av frokostbordet. På radioen er det gudsteneste. Det har snødd ute i natt. Biletet over er frå i går då eg gjekk tur tidleg på kvelden. Kveldane blir lysare og lysare.
Lyset er så fint når det lysnar og mørknar i mars. Det er fint å sjå verda bli pakka inn i klare blåfargar før ho blir meir og meir svart kvit.
Det er fint å ha ei roleg helg. I dag morges las eg ei fin bok » Vinterindianere» av Anne Gjeitanger. Det er ein stillferdig og sansenær roman om å vera barn. Eg kjenner att smaken og luktene av barndom, som eg trur kanskje er delvis biografisk sidan hovudpersonen har same namn som forfattaren. Akkurat som meg veks hovudpersonen opp som storesyster med ein bare bittelitt yngre bror. Boka skildrar forholdet til broren og til foreldre og besteforeldre. Heile teksten peikar framover mot eit tap hovudpersonen skal koma til å oppleva. Ikkje alle liker å vita korleis det går i bøker dei kanskje skal lesa, så eg skal ikkje røpa meir.
I staden kan eg anbefala ei bok eg las i sist vek «Skam» av Mina Bai. Boka er ein roman om ei ung jente som flyktar frå Iran, kjem aleine til Norge og møter landet vårt for første gong på Trandum asylmottak. Forfattaren har sjølv den same bakgrunnen. Det er nyttig å lesa korleis Norge og nordmenn forsonar seg for ein som har vakse opp i ein annan kultur. Ho havnar om å ha eit bein i det ho kjem frå og eit i det nye. På eit vis vil ho gjerne bli norsk, på eit anna vis har ho i seg mykje som seier at den norske livsstilen er skammeleg. Ho møter ein norsk mann og lurer på om ho vågar å vera kjærast med han. På mange vis fortonar han seg rå og uforståeleg for henne. Eit anna dilemma er haldningane frå nokre av dei muslimske venninnene hennar om at nordmenn bør ein halda litt avstand til. Dei er bare opptekne av fyll og fest.
For meg var det ei bok å bli litt klokare av. Det som er fint med bøker er at du får sjansen til å sjå med andre sine auge og tenkja med andre sine tankar.
Ha ein fin sundag alle saman.
Heidi