Gå til innhald

Folkerepublikken Jæren

mars 19, 2018

9E837D67-0A17-4C3E-A420-E6C105593D30

I dag vil eg rett og slett driva litt reklame. På torsdag klokka 18.00 har du sjansen til å sjå ei unik forestilling i Storstova på Bryne.  Kvart år lagar tiandeklassingane i kulturskulen ei forestilling der dei sjølve, med hjelp frå lærarane sine, er manusforfattarar, musikarar, songarar, dansarar, skodespelarar og medansvarlege for scenografi og sminke. Kvart einaste år er me som er lærarar oppriktig imponerte over sluttresultatet, og glade og stolte over at dei får prøva seg i showbransjen på ein ekte scene med profesjonelle folk på lyd og lyssetjing.

I år er eg ekstra spent på resultatet, for aldri har ei manusgruppe jobba så sjølvstendig med ein så sjeldan idé.

Stykket startar med at den snille koselege ordføraren i den nye storkommunen Jæren, som forøvreg kan minna om koselege ordførarar me kjenner til, får for seg at det han driv med er for smått. Han saknar sann entusiasme i samband med talane sine og saknar det å ha reell makt. Det viser seg at han har ein slektning i USA som har gode erfaringar med forretningslivet og storpolitikken. Det viser seg at han til og med snakkar norsk, og at han har gode råd å koma med.

Etter å ha gått i skule hos sin onkel Donald via skype, bestemmer ordføraren seg for å leggja om kursen, og satsa meir på amerikanske metodar. Det blir bygd mur ved «Skjævelandsbrunå» for å halda byasfienden på avstand, og ideologien blir eit samfunn bygd på gamle jærske verdiar som gardsdrift og melkespannkasting. Alle innbyggjarane får tildelt caps og dress frå Felleskjøpet, og blir kursa i gammal jærsk dialekt. Alt overflatisk jåleri blir bannlyst, og alle digitale kommunikasjonsmetodar blir forbodne for folket og administrerte gjennom styresmaktene. Folkerepublikken Jæren skal vera ein stad for sunne folkelege og tradisjonelle aktiviteter. I staden for å sjå film og TV, samlast folk på sundagane for å utøva gammal jærsk idrett, øva seg i det reine uforfalska språket, spidda pølser frå Felleskjøpet over bål og drikka «nysilte, avkjølde mjelk» frå store mjølkespann.

Alt virkar fredeleg, fint og idyllisk heilt til tre jenter blir plukka ut til å spionere i Stavanger og derfor må skolerast til å kunna gli inn i eit miljø blant «vanlege byungdomar». Dessverre fører dette til ei slags identitetskrise for fleire av ungdomane som gjennom denne prosessen taper sin «lyseblå tillit til land, system og ordførar.»

Sidan det dette året og bare blir ei open forestilling i tillegg til mange skoleforestillinger,  vil eg oppfordra alle som synest dette høyrest spennande ut til å skaffa seg billettar. For tiandeklassingane vil det å spela for full sal gjera opplevinga endå større…

Sidan eg bare har vore med på manusdelen, synest eg at eg kan framsnakka dei utruleg dyktige kollegene mine i Time kulturskule som overtok stafettpinnen etter at manuset var ferdigskrive.

Dette gler eg meg til.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: