Gå til innhald

Elvira Huskestuen går til påskeferie

mars 24, 2018

FE8B4654-2221-42D9-9054-A32C6F012AE1

Ein bieffekt med å jobba i skulen er at me saman med elevane får ein forsmak på alle høgtider før dei er her. I denne veka har heile skulen løyst eit påskekrimmysterum som min flinke og kreative kollega Thomas har laga og filma der elevane skulle prøva å finna ut kven som stal eit stort påskeegg frå eit bord på rektor sitt kontor.

E37FEB32-EDF8-4CA5-AE4E-AA718B0C08D2

Tiandeklassingane i kulturskulen har spelt ut universet eg og skrivegruppe skapte ved namn » Folkerepublikken Jæren», og som har fått kjøt og bein dei siste månadane. Nå har den maktsjuke ordføraren i folkerepublikken hatt sin siste skypekonferanse med sin onkel Donald i USA og den desillusjonerte ungjenta Anna slepp å grubla meir over inntrykka ho fekk på spionasjereisa si til Stavanger. Det er noko vemodig med å skapa ein verden som så skal pakkast vekk att, men elevane fekk spelt for seks nesten fulle salar på kulturhuset, og det er det ikkje alle forunt å oppleva.

Elvira Huskestuen gjekk inn i påskeferien via oppfylgjingskurs nummer tre for å læra å bli ein dugande i- pad- operativ lærar. Sidan ho syslar litt i spespedbransjen er det sikkert gull verd for henne å oppleva at ho lærer teknologiske ting litt seint og ofte må få hjelp av sidemannen til det dei fleste andre lærer heilt av seg sjølv. Denne gongen var kursleiaren ein ung og styla mann frå austlandet. I det han begynte undervisninga skulle fru Huskestuen snu litt på stolen for å virka ekstra interessert før ho møtte faglege vanskar. I sin iver klarte ho å snu handveska si opp ned slik at småpengar, nøkkelkort, bankkort, kopikort og førerkort vart kasta utover golvet i kurslokalet saman med småpengar, leppestift, skulenøklar, kyrkjenøklar, sykkelnøklar, bilnøklar, notatbok, penn, halstablettar og ei nesten ny øskje IFA- pastiller (for røkere, talere og sangere oppkalt etter operasangeren Ivar F Andersen) som må ha vore ulukka, samt ein stk mobil og ein ladeledning, vart strødd ut over golvet i kurslokalet. Fru Huskestuen fann det mest hensiktsmessig å gå ned på alle fire for å prøva å få ryddinga unna fortast mogleg. Med eit lite unnskyld og det ho håpa var eit humoristisk smil med glimt i auget, fekk ho sopt alt saman ned i veska i rekordfart og håpa at ingen trudde ho hadde tenkt å eta trettifem små svarte pastillar sopte opp frå golvet.

BD5198E2-05EE-49FA-B9C6-C1F505780B5B

Dagen etter var ho på banen att. Ho hadde tjuvlånt eit par grøne strikkehanskar frå sin ektevidde mann, fordi ho sjølv hadde klart å mista alle sine høgrevottar i løpet av vinteren og altså ikkje hadde eit einaste brukbart par igjen… Då ho skulle gå frå siste forestilling i Storstova var den eine hansken sporlaust forsvunnen og let seg ikkje oppspora trass iherdig leiting. Måtte ektemannen ta det fint neste gong han har bruk for hanskar og bare finn den eine…

Etter ein koseleg lunsj med kollegene i kulturskulen, stod ho i toppen av ei rulletrapp på kjøpesenteret og opna veska for å ta opp mobilen.  Ein blå penn med kvite prikkar, kjøpt i ein butikk i Valencia datt ut av veska. Ho bøyde seg for å ta han opp, men sidan veska nå var open, datt mange av dei tidlegare nemnde rekvisittane ut av veska. Som ein refleks bøyde ho seg framover for å plukka opp, og gløymde at ho haldt fast i rekkverket på rulletrappa som går framover saman med trappa… Heldigvis gjekk det i likaste laget. Fruen gjenfann balansen og fekk plukka opp alt bortsett frå pennen som tok rulletrappa ned. I teorien kunne han ha glidd inn i ein sprekk og øydelagd rulletrappmekanismen, men han gjekk fint ned og lot seg plukka opp etter eit par mislukka forsøk. For å vera ærleg var det ei dame på veg ned rulletrappa som klarte det til slutt.

Fru Huskestuen lurer på om ho er det einaste mennesket som med jamne mellomrom føler seg som ein blanding av mr Bean og Charlie Chaplin. Hadde nokon filma opptrinnet i rulletrappa kunne det blitt underhaldning på you-tube… Ved nærare ettertanke liknar ho nok mest på mr Bean sidan ho heilt saknar Chaplin sin elegante slap-stick-timing på det ho gjer.

I dag har dama merkeleg nok halde seg i skinnet… Kanskje ho rett og slett mest av alt er mogen for ferie…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: