Gå til innhald

1. juni

juni 1, 2018

imageSå langt har me hatt ein fantastisk junidag her i Amsterdam. Eg har strevd med å få til å leggja bileta mine over frå mobilen, og veit ikkje korfor eg ikkje får det til. I staden får eg visa favorittplassen min her på hotellromet. Det er ein brei vinduskarm der ein kan sitja eller liggja komfortabelt med utsikt ut mot livet. Dersom eg skulle brukt mykje tid på hotellet hadde det nok blitt her med ei god bok eller med skriveboka mi. Me er innom som snarast for å kvila litt før me skal  ut att. Nå har eg snart brukt opp tida på å prøva å få til det med bileta. Slik er det med reisebloggen min. Det går ofte frykteleg lang tid på å prøva å få til noko eg ikkje alltid får til i det heile tatt.

Då trøyster eg med den gamle songen me lærte av tante Anny på sundagsskulen i baptistkyrkja på Ålgård: » Om det mislykkast, vi børja om igjen…» Om den songen har noko med kristentru å gjera? Sannsynlegvis ein heil del….

Det fekk bli med denne metateksten i denne omgangen. Eg må gjera meg klar til å gå ut på middag. Eg finn nok ut av det med bileta og kjem sterkare tilbake…

 

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: