Junilaurdag i Amsterdam
Laurdagen kom med ein litt gråare type vêr enn det me har blitt bortskjemte med i det siste, men temperaturen var framleis ganske bra. Me hadde avtalt å møta Leif sin hollandske venn frå ungdome av, Jouke, og kona hans, Denise, til ein enkel lunsj på ein gammal kafé like ved jernbanen. Me sat ved eit bord ute og åt ostetoast og drakk kaffi og hadde ein veldig koseleg samtale. Første gongen eg møtte Jouke var sommaren før Odd Christian vart fødd, altså for 32 år sidan. Etterpå har me møtt kvarandre med ujamne mellomrom. Då Odd Christian var to år var me på besøk hos han i Amsterdam. På den tida var han aktiv i ein kristen kommunitet som jobba for å hjelpa vanskeligstilte i Red light district. Då fekk me ein del inntrykk som har festa seg. Elles har me møttest nokre gonger med ujamne mellomrom. Det er fint og litt rart med alle desse menneska me tek med oss på ein eller annan måte gjennom etterkvart ganske mange år.
Denne føRemiddagen hadde eg eit til spennande menneskemøte. Eg såg eit skilt der det stod kunstgalleri og gjekk inn. Der inne stod det ein mann og malte bilete, det var rett og slett atelieret hans eg var komen inn i. Der stod han og malte med fingertuppane dypte i akrylmaling og fingermalte på eit av sju lerret han hadde oppe samtidig. Han var veldig open for å snakka om tankane rundt bileta sine og om det å mala bilete for salg.