Jonsok og skuleferieblogg
Då har eg og Elvira Huskestuen snofla oss over mållinja, og er i ferie eller avspasering, alt etter kva ord ein måtte føla for å bruka om denne paradisiske tilstanden litt semestersluttslitne lærarar går inn i kvar år på denne tida. All erfaring tilseier at innspurten er overmåte travel, og all erfaring tilseier at eg gløymer dette frå år til år. Det er i grunnen utruleg kva ein rekk å få gjort på kort tid om ein bare har det travelt nok, men som ein notis til meg sjølv kan eg jo skriva ned at ein ikkje bør venta for seint på forsommaren med å få ferdig bok med skriveelevar og eventuelle prosjekt i den kulturelle skulesekken, og at bøker ein er medforfattar til, kanskje ikkje bør ha deadline ei veke før skuleferien. Uansett, nå er me her både eg og ferien, og like heile er me begge to så vidt eg kan skjøna. Det blir litt av ein overgang frå desse overfylte vekene til romslege dagar ein kan styra som ein vil. Her er nok å ta fatt på av ryddeprosjekt, hageprosjekt og diverse anna, og eg har fått med meg ein plastpose full av pensumbøker frå Kirsten som er vel i mål med det studiet eg skal til med i haust. Eg har tenkt å prøva å koma gjennom det meste før skulen startar att, men først er det helt. Og eg finn det på sin plass å feira den gode tida eg har fått med å starta skuleferiebloggen….
Nå vil eg skunda meg å fortelja at skuleåret som har gått har vore eit godt år. Eg er glad og takknemleg for gilde kolleger, fine elevar og utfordringar som det går an å hanskast med på ein god måte. Me treng bare å kvila oss litt alle saman, så skal me vera klare for nye rundar.
Ferien vart innleia på den gildaste måten gjennom at Sunniva kom heim på besøk frå onsdag morgon til fredag kveld. Sjølv om eg måtte jobba dei to første dagane, fekk me ganske mykje tid saman. På torsdag hadde me familiemiddag og spelekveld, og i går tok me med oss Ingrid og Iben på jentetur til storbyen Stavanger. Det bles iskald nordavind, så Sunniva rakk å hugsa kor ho kjem i frå… Ho og kjærasten Trygve har kjøpt leilegheit i lag, så nå er ho flytta heimefrå heilt på ekte. Sjølv om det er seks år sidan ho flytta ut for å gå på folkehøgskule, så har ho jo brukt ein del av feriane på å vera «heime». Nå er ho ferdig utdanna, snart sambuar og har fått jobb på ein ungdomsskule i Groruddalen. Halvard er og ferdig med sin bachelor i filmregi, og vil mest av alt laga film på heiltid. Avgangsfilmane frå Westerdals vart viste på Saga kino for litt over ei veke sidan, og både Leif, Odd Christian og Sunniva klarte å ordna seg slik at dei var der på premieren. Eg får nok sjå filmen eg og etterkvart. Eg ville sjølvsagt mest av alt ha vore der, men eg fann ut at det ikkje lot seg kombinera med alt det andre.
Her hadde me full sommar i mai og første veka i juni, og me håpar varmen kjem tilbake ein runde eller to før det blir august. Det er kaldt ute, men det er grønt og vakkert. Me var på sykkeltur med elevane i høljeregn på onsdag, og oppvaksne som dei er med mykje regn, så såg det ut til å vera heilt greitt for elevane at regnet datt ned medan me sykla, åt matpakkar, gjekk tur i skogen og padla i kajakk. Me vaksne var meir opptekne av vermeldingane i forkant av dagen enn det dei var. Grønfargane i skogen er heilt fantastiske når det regnar, og den svenske songen «Med ögon känsliga för grönt» tona mellom øyrene mine medan eg pakka mobilen inn og ut av plastposen eg hadde i lomma på regnjakken for å forhindra vannskade. Eg fekk fotografert litt utan at han slutta å virka.
Nå ser eg fram til late dagar med mykje lesing, strikking, skriving og turar på sykkel og til beins. Det skal og bli fint med god tid til gullungen som er blitt åtte månadar etterkvart, til venner og familie. Resten av sommarplanane får eg avsløra etterkvart. I stova er det fotball VM og eg for min del har tenkt å setja meg ut i den nye glasshytta vår med kaffi og aviser og ei bok. Det er jonsokaftan i kveld, men me har ikkje planar om stor feiring. Me har tenkt å kjøra ein tur langs strendene og sjå på bål og finna oss ei strand der me kan vandra litt og nyta kveldslyset. Eg er så glad i desse lyse juninettene, så eg vegrar meg litt for å sova dei vekk…
Når det er sagt, den største nytelsen kvart år når ferien kjem er den fantastiske kjensla av å slå av vekkjarklokkealarmen på mobilen og tenkja at den skal eg ikkje bruka på leeeeeenge.
Heidi