Gå til innhald

Når juni blir til juli

juli 1, 2018

Det har vore så fint på Norefjell, eg har fått mange tankar og masse inspirasjon. I dag var tida for utsjekk, og det kjendest litt trist at den verda eg har halde til i nesten fire dagar skulle løysast opp i ingenting, og at eg skulle reisa frå folk eg hadde begynt å bli kjend med. Leif sette seg på sykkelen rett etter frokost. Eg og Torun tok oss tid til ein liten fjelltur før me sette oss i bilen.

Me var med på folketonegudsteneste i Olsberg kirke før me tok avskjed med Aeropagos for denne gongen. Eg kjem til å skriva meir om opplevingane der etterkvart.

3FD0A266-34C6-4B24-92C9-D6294C5DE1FC.

Så kjørte me til Røyse med innlagd kaffipause, der Torbjørn venta oss med ovnsbakt laks og jordbær. I låglandet var det meir enn tretti grader. Etter middag på terrassen vart det bading i Tyrifjorden. Norsk sommar er det finaste eg veit.


04E13880-F657-4F9D-AC42-FF17F594B2BF

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: