Midnatt på toget
Som alltid så er det visse spenningsmoment med å reisa med tog. I dag har eg kjørt buss for tog frå Lysaker til Kongsberg. Bussen kom nesten eit kvarter seinare enn det som stod på Internett. Eg vart litt nervøs. Me har visse erfaringar med buss for tog frå Lysaker. Ein gong fekk Sunniva taxi mellom Lysaker og Bryne fordi buss for tog hadde gløymt å plukka henne opp. Ein annan gong vart eg og Ingrid frakta med taxi til Kongsberg av same grunn. Det vart litt nervepirrande fordi Ingrid skulle heim og ha eksamen.
Men i dag kom bussen til slutt. Sidan det er ferie og lyse netter har eg droppa sovevogn, men unna meg ein plass i komfortvogna der ein får dobbelsete, straumuttak, kaffi, te og gavekort i restaurantvogna mot eit lite tillegg i prisen. Eg har tenkt å lesa og sjå soloppgangen, og viss eg sovnar er det rein bonus.
Eg vakna til frokost med Torun som hadde vore tidleg ute og plukka bringebær og markjordbær i skogen til sommarrøre på morgonrundstykke. Skikkeleg hotell i særklasse. Me sat på trappa og åt, for det var der det var sol.
Så fekk eg skyss til Valdresekspressen og kom til Oslo litt over elleve. I Oslo var det meir enn tretti varmegrader. Eg oppdaga at det var sommarsalg på Gudrun Sjöden, og fekk kjøpt fine plagg veldig billig.
Eg møtte Halvard og Sunniva til lunsj på Grünerløkka, og etterpå gjekk me opp til Sunniva og Trygve sin nye leilegheit på Sofienberg. Det var det maling på gang.
Eg og Sunniva tok banen ut til Eva Mari i kveldinga og åt middag med Eva Mari, Oscar og Maren. Nå har eg vore på farten i snart ei veke, så dette vart ein liten ferie. Nå blir det eit par sommarveket heime.
Heidi