Gå til innhald

Vandringspoetar

juli 6, 2018

23430B58-D873-4397-8B4C-B3EC9BCEE53C

På Aeropagosfestivalen var eg på ei fantastisk forelesning av Notto Thelle om japanske vandringspoetar. Dette var diktarar på stadig vandring som skreiv haikudikt frå vandringane sine. Nokre av dei var munkar.

Han presenterte fire ulike diktarar med kvar si livshistorie og kvar sine erfaringar. Nokre av dei fekk respekt, andre vart kanskje meir ledde av.

D3B2B5A2-FFD8-4F0D-92FB-4E7BC25FF5D1

Eg sat med ei merkeleg kjensle av å identifisera meg med desse vandrarane. Utan å samanlikna meg kunstarisk med desse store lyrikarane, så kjenner eg igjen agendaen deira, det å vandra rundt med livet sitt og skriva ned små skriftlege helsingar om levd liv.

Eg har lyst til å skriva meir om dette foredraget, men plutseleg finn eg ikkje att notatboka mi, så det får venta. Heldigvis har eg ei diktbok med japanske haikudikt i bokhylla, så eg tek med eit par av dei:

2CFAEF5E-0BF6-4408-A27A-92874DF05364

vide grønkande enger
ikkje anna er att
av soldatars draumar

huset brann ned
nå kan eg alltid
sjå på månen

den svale vinden
kvilde hos liljene
før han kom til meg

i natt
blir barn fødde
under ein bleik måne

DC9C7AEF-7643-41DD-B7D2-38A67F5394BB

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: