Gå til innhald

Sommarferie heime

juli 8, 2018

 

Sommarferie heime er fint og fredeleg, spesielt når denne delen av verda faktisk byr på sommarvarme og sol. Ulempa er sjølvsagt at alt du skulle ha gjort alltid er der. Eg håpar å få brukt vekene framover litt til å få rydda i rom som er som kriseområde å rekna, men eg har ikkje tenkt å bruka heile dagane, og eg har ikkje tenkt å bruka kvar dag.

Me har fått sprinkelseng på soveromet, for nå er barnevogna for lita til små overnattingsgjester. Eg og kroppen min blir minna om korleis det er å sova med lett barnepust på sida av seg, og korleis det er å bli vekt klokka fire om morgonen av at nokon står og kikkar ned på deg frå sprinkelsenga og seier med eit stort smil og ord på det framleis uforståelege språket, at nå kan dagen godt begynna. I det minste kan det passa med litt mjølk på tåteflaske før nokon insisterar på at natta framleis ikkje er over. Å vera mormor er mindre forskjellig frå å vera mor enn det eg hadde våga å tru. Forskjellen er sjølvsagt at vedkomande ikkje er ditt ansvar på heiltid, og at du ikkje kan rekna med å ha barnet rundt det kvar einaste dag eller kvar time for dagen. For meg som alltid har ønska meg fleire barn enn dei fire eg er blitt velsigna med, er det fantastisk å få oppleva dette igjen, og eg er takknemleg for gåavstanden dit.

Elles har eg prøvd å få skikk på blomane me planta før skulen slutta. Odd Christian gav meg ein ripsbusk i gebursdagsgave i fjor, den står der med mogne bær, om ikkje så mange… I år fekk eg ein solbærbusk av han. Det høyrde med til gaven å få ein tur til eit eller fleire hagesenter og at han planta busken for meg etterpå. Me fekk fyld trillevogna med litt av kvart. Eg er eit hagemenneske når det gjeld å handla inn og å gleda seg over å plukka blomar i eigen hage. Dessverre er ikkje gartnargenene som eg i grunnen burde vore fødd med, skal ein sjå på hageglade og hagekompetente menneske på både mors- og farssida, ikkje velutvikla nok til at eg heilt har fått dreisen på det dei trettito åra eg har prøvd meg, men ein gong kan det tenkjast at det løsnar… Leif har gått inn i sin første sesong som hagemenneske med pallekassar med salat, purreløk, krydderurter og poteter i bakhagen, så kanskje me får det til i lag…

I dag fekk eg i oppdrag å vikariera som nattverdsutdelar i kyrkja, sidan det er ferietid, og mange av dei faste er vekkreiste. Eg var litt engsteleg for at mitt alter- ego Elvira Huskestuen skulle dukka opp og snubla med den store vinkalken, men heldigvis gjekk det bra. Eg stod saman med Leif Andenes, så eg hadde trygg veiledning om noko skulle oppstå. Me stod nede ved utgangsdøra der det pleier å vera ein stasjon der ein dypper brødet i felleskalken i staden for å drikka altarvinen av eige beger. Eg veit at mange som ikkje er i kyrkja så ofte, synest at dette med nattverd er merkelege greier, og det er det jo på ein måte. Nokre eg kjenner synest til og med det er litt ubehageleg, nesten skummelt med dette snakket om Jesu kropp og blod. Sjølv opplever eg nattverd som noko fint og kroppsleg sjølv om det å forstå det er eit av dei mange mysteria ein som søkjande og truande menneske må forhalda seg til. Min rapport frå utgangsdøra i dag er at det var ei flott oppleving å få lov til å gjera det, og å få møta blikka til dei som kom. Det var som å få lov til å opna døra inn til det heilage på gløtt eit lite sekund for kvar og ein som kom. Eg kan ikkje forklara det på nokon annan måte, trur eg.

Litt seinare på dagen dekka me på til middagsgjester ute i hagestova og serverte indisk kyllingsuppe kokt av Ingrid og indisk sjømatwok, laga av Leif. Sjølv slapp eg unna med å dekka bordet denne gongen. Noko av det fine med ferie er at sundagar kan brukas til alt anna enn å tenkja på om ein er klar for morgondagen i klasseromet. Heilt skulefrie er ikkje dagane mine. Eg skal jo studera norsk komande skuleår, og sidan livet mitt i grunnen har vore meir enn fullmøblert utan studier, og eg ikkje har kome inn under ordninga med frikjøp med vikar, så har eg planar om å lesa mest mogleg av pensum nå i ferien. Eg er eit slikt menneske som av og til startar med desserten, og det har eg gjort nå. Då eg såg at min gamle venn frå lærarhøgskulen, Svein Slettan, var redaktør og medforfattar for den boka som handla om ungdomslitteratur, så vart det endå meir naturleg å begynna med den. Etter å ha lese boka med stor glede gjekk eg med tilsvarande appetitt laus på den om barnelitteratur. Nå har eg lese begge to, og verkeleg kost meg med lesinga. Eg har alltid hatt veldig lyst til å skriva barnebøker, og prøvd meg så vidt på det og. Nå fekk eg endå meir lyst til akkurat det, så det har eg lyst til å få tid og inspirasjon til. Eg vart og styrka i trua på at eg trygt kan fortsetja med det som er noko av det aller kjekkaste i lærarjobben, nemleg det å lesa høgt for klassar. Eg har alltid prioritert å lesa høgt kvar einaste dag, til og med for sjuandeklassingar, og det kjenner eg heldigvis at eg kan fortsetja med med godt samvit. Eg reknar ikkje med at resten av pensumlitteraturen blir ganske like lystbetont å koma gjennom, men nå er eg i det minste godt i gang.

Sidan kvelden var lang og lys og varm, og me hadde god tid, gjekk eg og Leif ein tur ein stad me aldri har gått før. Me kjørde til Selandsskogen, gjekk over markene opp til Lyngaland og ned igjen, først på ein gammal veg, og så gjennom skogen. Havsskodda kom med skodderegn, men det regna ikkje nok til at me vart våte. Det blir så fint lys i akkurat den typen ver, så eg måtte fotografera litt.

Eg er liker så godt å fotografera små vegar. Det er noko med det motivet som får meg til å tenkja at det biletet der kan eg få bruk for.

Eg liker jo å skriva tekstar om at me skal inn på stadig nye vegar som skal opnast for oss, og då kan eg jo koma til å få bruk for illustrasjonsbilete…

Og utan å dra det alt for langt her og nå, kan eg jo slutta med å ynskja fred over den vegen du går på, og over vegane du skal gå. ( Sidan det er sundag og sidan akkurat denne sundagen har gitt meg mine 10 minutt som liturgisk medarbeidar.)

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: