Skip to content

Sommar i P2 og det å rydda eit rom

juli 9, 2018

098A112D-759F-4099-9D6A-58D669379480

Dersom eg fortalde deg at eg hadde brukt tre timar i dag på å rydda på kontoret her heime, og at eg nok kjem til å bruka minst tre timar til for å eventuelt oppnå eit nokonlunde nivå av orden, så kan det henda at du har problem med å tru meg.

Andre kjenner meg godt nok til å vera sikre på at eg snakkar sant. At det rommet som er sånn bortimot det kreative hjartet i huset kan bli så fullt av viktige ting at det nesten ikkje let seg jobba der, har kanskje sine grunnar. Litt for ofte har eg hatt mange prosjekt gåande samtidig slik at det har blitt diverse bunker på skrivebordet som bare må få liggja fordi eg arbeidar med dei. Så har det blitt ståande posar med handarbeid og malesaker som eg ikkje har rukke å få rydda vekk etterkvart, og i tillegg har eg bøker som ikkje har fått plass i hyllene slik at dei har blitt liggjande utanfor der bøkene står, og dermed lett kan ta med seg andre bøker og landa i rasaktige formasjonar på golvet som eg ikkje alltid har hatt tid til å ekspedera der og då.

I dag har eg rydda i band og blonder, knappar, garn og strikkepinnar og i gavepapir, akvarellblokker og ei hylle full av skattar som eg har kjøpt når eg har funne dei for å bruka til gavar når gavar kan vera på sin plass.

Ved neste rydderunde kjem dei store prøvelsane. Då er eg nemleg nøydt til å gå gjennom blokker og notatbøker og plastmapper med rare ting i, og bestemma meg for kva som må kastast. Eg har notater frå førti år tilbake som eg ikkje er heilt sikker på om eg ein vakker dag kan få bruk for. Som den elendige kastaren eg er trur eg heilt sikkert at eg kan få brukt det meste til noko nyttig og kreativt, og det hadde eg kanskje gjort og om eg bare hadde hatt tid. Tøybitar kan bli til dokkeklær og fjør kan bli englevenger eller påskepynt. Serviettar kan bli collagar og gamle kulepennar kan ikkje kastast så lenge ein kan skriva fine ting med dei. Dessutan må eg innrømma at eg på ferie i fjerne land er veldig betrudd til å koma ut med små posar fulle av knappar, silkeband, blonder og glansroser… For ikkje å snakka om at eg av prinsipp ikkje går forbi dersom dei ein eller annan plass sel lyrikksamlingar for mindre enn femti kroner. Eg har kanskje Brynerekorden i antall diktsamlingar i hylla på kontoret, og kan stolt melda til dei som nektar å tru det, at dei står opplinjerte i alfabetisk orden…

Det positive er at ting dukkar opp… Der er jammen dei innvikla rosevottane eg strikka etter mønster frå torget i Jurmala i Latvia. Dei trudde eg at eg hadde mista. Der ligg det faktisk ei eske fullt brukbare halstablettar, det var då rein bonus… Der er jentekysene eg kjøpte på mormonarmarknad i USA, og der den spanske bøneboka eg tenkte kunne hjelpa meg å læra spansk. Og dei små keramikk- knappane, forma som hundar av ulike rasar, koss kunne eg gløyma at eg hadde kjøpt dei?

Sidan facebook og bloggverda har rykte på seg for bare å koma med alt ein har å skryta av, så får dette vera det motsatte, ei forteljing om eit rom som bare kanskje blir rydda til slutt… Eller kanskje det er det motsette: Rotekoppen som må skryta på internett over at ho har begynt å rydda… Det same kan det vera. Eg trøyster meg med at ein professor på Blinderen i fylgje ryktene fann ein sykkel under papirbunkene då han skulle rydda seg ut av kontoret ved oppnådd pensjonsalder.

Det eg eigentleg hadde tenkt å koma med i dag, var ein lovsong til NRK P2 på radioen. Mens eg har rydda har eg høyrd dei fire første programma av Sommar i P2 på nettradio, og det femte sviv nå mens eg skriv . Det er dette program der ein person kvar dag får sjansen til å fortelja om ting han eller ho synest er viktige, og spela musikk vedkomande gjerne vil dela med andre. Det er eit av favorittprogramma mine, så eg har gleda meg til ein passande anledning til å lytta. Eg kunne i grunnen snakka varmt og lenge om kanalen P2, der er det program til å bli klokare av, og til å bli gladare av. Eit av mine meir nerdete trekk er at eg må passa på å høyra Språkteigen på nettradio dersom eg har gått glipp av det, og det same gjeld radiodokumentarane. For ordens skuld, så kan eg jo nemna at bloggen min er heilt sponsorfri, så ingen kjem til å betala meg for dette. Det einaste måtte vera viss dei som har ansvaret for Sommer i P2 neste år skulle få tankar om at dei kunne trenga stemmen til ein barneskulelærar frå vestlandet.

Og framleis har eg ikkje kome til det som var mi opprinnelege inspirasjonskjelde i dag… Eg høyrde på Kari Hilde French, mor til Joshua som den første programleiaren i dag. For ei dame. Ein kan seia og tenkja kva ein vil om dei to nordmennene som havna i uføret i Kongo, men at Joshua har ei mor av dei sjeldne, er det liten tvil om. Ho delvis budde i fengselet i lag med han, trøysta dei sjuke, laga mat til dei som svalt og dreiv leseopplæring med ein fengsla barnesoldat som var analfabet. Samtidig dreiv ho diplomati på eit høgt plan og lukkast til slutt i å få guten sin heim. Ho seier at ho fann inspirasjon i musikken, bøkene, ei internasjonal kyrkje og ei bibelgruppe ho var med i i Kongo. Gå inn sjølv og lytt om du vil vita meir. Dei andre programma i serien kan og varmt anbefalast.

Om eg bare har vore flink husryddar i dag? Eg har og fått tid til ein spasertur ned til sentrum der me var tre generasjonar på jakt etter ein gebursdagspresang, og etterpå fann me eit smutthol til ein kopp svart kaffi på kafé. Sola skin i dag og, og vinden er på i det vestlandske lunet. Dagen har vore god.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: