Gå til innhald

Bøker og sommar

juli 12, 2018

A265547B-FF55-48C5-8D1D-32008BF7FD70

I dag har eg fått grønt lys for å fortelja om eit spennande prosjekt eg med på. Min flotte, flinke tidlegare elev Merethe har jobba ganske lenge med å illustrera eit barnebokmanus eg har hatt liggjande. Det er ikkje heilt ferdig endå, og det er heller ikkje sikkert at bileta eg viser her blir akkurat slik, men eg synest dei er så fine, og på møte med Merethe i dag, sa ho at eg fekk lov til å leggja dei ut her og skriva litt om det.

Boka handlar djupast sett om syskensjalusi. Storesyster Eva har sterke meiningar og ei skarp tunge, men ho er meir forsiktig og tilbakehalden enn veslesyster Maria, som har ein eigen evne til å sjarmera alle rundt seg, og ikkje minst alle vaksne. Eva ser det derfor som si oppgåve å halda Maria litt nede og fortelja henne med jamne mellomrom kor tåpeleg ho oppfører seg…

Det skal likevel visa seg at den dagen Maria kjem i vanskar, blir storesyster som ei løvinne. Ho går i kamp med to store gutar og den farlege hunden sin, og forsvarer syster si med nebb og klør.

E57141C7-1748-4AB4-BF7A-42E95475FEA5

Eg gleder meg veldig til å sjå det ferdige resultatet. Eg er ikkje flink nok til å teikna sjølv til å illustrera bøker, på same måten som eg ikkje kan laga musikk. Det å laga bøker, songar, salmer, teaterstykke og musikalar i lag med flinke folk som kan det eg ikkje kan er noko av det finaste eg veit. Eg trur talenta våre er som puslespelbitar, dei aller fleste av oss klarer ikkje laga heile biletet bare med dei bitane me har fått utdelt.

Og i går fekk me første prøveutgåva av boka eg er medforfattar av om Skapande skriving med eller utan STL. Det er litt arbeid nå med korrekturlesing og tenking, men eg synest det ser veldig fint ut. Linda på Tryll design har gjort ein kjempejobb med lay-outen. Sidan boka snart bør vera klar til sal, får det bli litt hurtigarbeid nå i veka som kjem.

Når eg har rydda i papira mine, – nei, eg er ikkje ferdig, og – ja, eg har fått gjort litt meir, har eg funne mange dikt og tekstar eg har hatt liggjande og aldri publisert. Nå må eg bli enig med meg sjølv om kva eg skal bruka og ikkje, og om eg framleis kan stå inne for ting eg skreiv for omtrent tretti år sidan. I nokre tilfelle er eg forbausa over at eg nesten like godt kunne ha skrive det nå. Eit par av tekstane er eg rett og slett litt i tvil om eg har skrive sjølv, for eg kjenner dei ikkje heilt att… Og om papira kan kastast? Tja, det blir litt som gamle Donald Duck- blad. Det er vanskelegare å kasta eit som er tretti år gammalt enn eit som er nytt… Det ein har spart på sidan 1985 bør ein kanskje fortsatt spara på?

Det er godt me har loft og kjellar…

19BC017F-FEAF-4460-9D7B-EF91146AE76F

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: