Gå til innhald

När det skymmar

juli 13, 2018

FDE3D6FE-D2F2-45CC-8DA0-6DC6061F9EE7

Det är vackrast när det skymmer

Det är vackrast när det skymmer.
All den kärlek himlen rymmer
ligger samlad i ett dunkelt ljus
över jorden,
över markens hus.

Allt är ömhet, allt är smekt av händer.
Herren själv utplånar fjärran stränder.
Allt är nära, allt är långt ifrån.
Allt är givet människan som lån.

Allt är mitt, och allt skall tagas från mig,
inom kort skall allting tagas från mig.
Träden, molnen, marken där jag går.
Jag skall vandra —
ensam, utan spår.

Pär Lagerkvist (1891-1974)

551C94FC-F37F-4935-B650-4B6533AAF083

Det har alt blitt mørkare om kveldane. Eg er så glad i dei norske lyse sommarnettene og prøver å halda dei fast slik at dei ikkje skal gå i frå oss. Klokka er fem på elleve og skumringa legg seg rundt huset. Diktet over tenkte eg på i går kveld då eg var ute og gjekk tur.

I ettermiddag kom den triste meldinga at Thorvald Stoltenberg er død. Det følest trist sjølv om eg naturleg nok ikkje kjenner han personleg, og sjølv om han var blitt ein gammal mann. Han har stått for meg som eit optimistisk, varmt og romsleg menneske, slike som me verkeleg treng her i verda.

I kveld var eg ute og gjekk tur og kombinerte det med å plukka ein stor bukett markblomar. Det er så fint å plukka blomar og dei er så vakre, eigentleg er eg litt allergisk mot markblomar og graspollen, men det er ein annan historie.

Då eg kom inn drakk eg ein kopp kaffi på kjøkkenet og høyrde på ein dokumentar om eit ungt par der mannen døydde av kreft to månadar etter at det andre barnet var fødd. Dei hadde begge visst store deler av svangerskapet at alt håp om at hab skulle bli frisk eller leva særleg lenge var forsvunne.

Det er lett å ta kvarandre for gitt. Det er ei gave at me framleis er her og at me framleis har så mange av dei me er glade i rundt oss. Det er så fort gjort å la det viktige forsvinna i bagatellane.

Ei klok dame har sagt at me når kvelden kjem skal tenkja gjennom dagen som har vore og identifisera dei varmaste punkta den dagen. Dei gongene me følte oss mest levande og på plass i livet, dei gongene me kjende at me var på plass i forhold til andre menneske, til dagen og til Gud.

I dag har eg leika med barnebarnet mitt som lærer nye ting kvar einaste veke. Eg har ledd i lag med dotter mi og hatt yngstesonen heime på ferie. Eg har helst på eit menneske for første gongen. Eg har drukke kaffi i stova til ei eg liker å vera i lag med, og eg har fått ein klem på kjøkkenet. Kontoret mitt er rydda, etter mange lange timar. Likevel er det alltid slik at til slutt sit du der med ting du ikkje veit kor du skal gjera av, og du ser det andre som godt kunne vore gjort. Kanskje eg ryddar bokhyllene og badeskapa, eller kanskje ikkje…

Ein del av livet, i alle fall mitt, er å akseptera at ein ikkje rekk å gjera alt ein ville, og at ein ikkje klarer å halda tida fast. Nå opnar det seg ei dør, eg snur meg spørjande for å sjå, sidan eg er aleine heime. Så er det katten som kjem. Ho vippar døra opp med snuten og kjem spaserande og vil liggja på tastaturet.

C2752826-220E-4AEC-A5EF-0F9E42D2D9AD

God helg, alle saman.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: