Skip to content

Sommardagsdilemma

juli 15, 2018

DB5D40C3-96A8-4433-B5EA-76A841A0B105

I går føremiddag hadde eg lese norskpensum eit par timar og var klar for noko nytt.

Eg:Skal me ikkje gå ein tur i det fine veret?
Han: Jo, eg har sett ein oversikt over turar i nærområdet, kan me ikkje gå til
Synesvarden, der har me aldri vore.
Eg: Eg tenkte ein lang tur langs stranda.
Han: Det tenkjer du alltid, kan me ikkje gå ein annan plass for ein gongs skuld?
Eg: Det er sikkert løyper langs havet me aldri har gått og…
Han: Har du vore på Synesvarden nokon gong.
Eg: Nei, men det er så fint å gå langs strendene.
Han: Er det ikkje litt dumt at me aldri har gått til Synesvarden på alle desse
åra. Det står her at utsikten er fantastisk. Og det står at det er ein kort
tur som passar for alle…

Det ende med at eg resignerte, mannen hadde jo eit poeng. Og det viste seg å vera heilt sant alt saman. Det var ikkje langt å gå, i alle fall ikkje frå den kanten me kom frå. Det var veldig fin natur og nydeleg utsikt, og det var sant at det nok stort sett var ein tur som passa alle. Me traff fleire som gjekk med veldig små barn, dei både stabba i veg og vart borne på akslene. Ein bør bare ikkje ha fobi mot gjerdeklyvarar, for dei var det mange av. Så nå… etter å ha budd mesteparten av livet mitt på Jæren, kan eg fortelja at visst har eg vore på Synesvarden. Steinkjerringa og preikestolen har eg gått til opptil fleire gonger. Den turen eg lot meg lokka ut på i går var mykje kortare enn eg hadde trudd, eg trur vegen frå Holmavatn til Synesvarden må vera mykje lenger.

Så i dag då kvelden kom, og eg endå ikkje hadde vore på tur, var eg veldig klar for den strandturen eg ikkje fekk i går. Eg klarte å lokka med meg Ingrid på kveldstur langs Orrestranda. Det er eventyrleg vakkert der i timane før sola søkk ned i havet som ei stor blodappelsin. Det er vakkert på den måten at ein nesten ikkje kan fotografera det utan at det blir litt kitchy.

Om ei veke reiser me på ferie sørover i Europa, så nå gjeld det å nyta den siste veka med verkeleg lyse nordiske kveldar og netter.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: