Gå til innhald

Havet, sommaren og livet

juli 18, 2018

F25CB0AB-ED54-4BFE-ADFA-6FF573208A8A

Eg må bare innrømma det. Det er noko med havet og menneska, eller for å vera meir personleg, med havet og meg. Eg har ein utruleg dragning mot å vera nær havet, og finn ei eigenarta kvile i å vera der. Det er noko med det store som gjer at eg innser at mykje av det eg kavar med i tankane eigentleg er på bagatellplanet. Det er noko med pulsen i bølgjene,- som hjarteslag frå eit større hjarte, og det er noko med lukta av sjø, med vinden der ute, med alle fuglane, med dette at alt forandrar seg heile tida, og likevel er ved det same.

I dag då eg stod på kjøkkenet og rydda alle tallerknane og glasa frå ein stor middag i går ut frå oppvaskmaskinen, og med alt eg ikkje hadde fått inn i maskinen kvelden før fint stabla på benken, ventande på å bli vaska, medan eg tinte rundstykke i ovnen som eg skulle ta med meg på turen, høyrde eg på radio. Eg høyrde dei annonsera at dagens gjest i Sommar i P2 var Kari Veiteberg, nåverande biskop i Oslo.

Eg spissa øyra litt ekstra, for eg kjenner Kari litt etter at me var i den same gruppa som i si tid møttest på «Kirkens hus» med jamne mellomrom, for å jobba med språket i dei nye gudstenesteliturgiane. Eg lurte fælt på korfor eg fekk vera med på dette i lag med folk som stort sett var teologar eller språkekspertar, men tenkte at eg vel kanskje skulle representera det nynorsktalande lekfolket frå vestlandet, og kanskje litt fordi eg hadde skrive salmar. Det var forresten veldig kjekt å vera med, og det er spesielt nå i ettertid å vera med på liturgiske ledd i gudstenesta og tenkja at «akkurat den linja diskuterte me ein gong», eller «Eg hugsar at Oskar Stein foreslo å ha akkurat den setningen på akkurat den måten».

Nok om det. Kari er ei flott dame, og eg er så glad for at ho er blitt biskop. Eg tenkjer at dei som har jobba som gateprest mellom dei vanskelegast stilde på gata i Oslo, har spesielle kvalifikasjonar til ein slik jobb. Det viste seg at Kari skulle bruka timen sin i rafio til å snakka om sitt forhold til havet, så då spissa eg øyrene eit ekstra hakk og fann ut at den vaskemaskinen med klede som skulle vore vaska, nok kunne venta til eg kom heim.

Og visst var det til havet eg skulle på tur i dag eg og. Torun og eg la i veg med kvar vår tursekk frå Hå gamle prestegard og gjekk til Vik-stranda og tilbake. Det vart ein fantastisk tur. Veret var først disig og litt kjølegare enn det har vore i det siste, men etterkvart skein det opp med strålande sol. Mykje av vegen gjekk me på stranda, men me måtte og gå ein liten distanse langs ein nyhevda åker, og me måtte foreta eit par kreative krysningar av bekkjer og piggtrådgjerde.

Me brukte seks timar på turen i bedageleg pratetempo med innlagde pausar for mat og kaffi og bading og vassing.

Me fann oss ei behageleg vik med varm sand der me drakk kaffi og åt medbrakt niste og Torun sine påsmurde julebrødskiver. Sola kom gjennom for fullt og varma oss i ansiktet der me låg tilbakelente med lukka auger og høyrde lydane av bølgjeskvulp, av lerker, måkar, tjeld og storspove. Plutseleg seier Torun «Viss du lurer på kva den plaskelyden er, så er det bare ein skarv som plaskar med vengene sine», og faktisk så vurderte eg akkurat i det ho begynte å informera om eg skulle opna augene og finna ut akkurat det.

Etter at me kom tilbake til prestegarden, stakk me innom på Obrestad fyr fordi Torun hadde høyrt at det var kome eit stillerom der, eit lite kapell for pilgrimar av alle slag. Det måtte me finna ut nærare, og ganske rett så viste det seg at stilleromet var der. Det var godt å setja seg stille ned ei stund.

I går, som var sånn omtrent den varmaste dagen i manns minne, koste eg meg med å laga fin middag til foreldra mine og barna mine med alle som høyrer huset til, og jammen meg dukka syster mi opp ho og på veg frå jobb. Mot normalt har me hatt så mange strålande sommardagar i sommar at det ikkje kosta meg noko å bruka ein dag på kjøkkenet. Ofte er det slik at viss sola skin i juli så må me sleppa alt me har i hendene og springa ut før sommaren har gått forbi og kanskje ikkje kjem tilbake før til neste år.

Det vart heimelaga kyllingsuppe med heimebakt foccaciabrød, marengs bakt med valnøtter og Ritzkjeks med vaniljekrem, krem og bær og ei skål bringebærgele og ei anna med friske bær til dei som kanskje ikkje likte kremkake. Når eg har tid til det, så synest eg det er utruleg kjekt å samla storfamilien rundt bordet i stova vår.

BA8816A2-6006-4B8F-AED7-F1745B8A5240

Etterpå, når alle hadde reist heim, reiste eg ned til stranda med syster og dotter. Der var lyset heilt magisk. Verda framstod i pastellfargar som var nesten gjennomsiktige. Slikt let seg sjølvsagt ikkje fanga på bilete.

Nå var planen min når eg begynte å skriva å dela ei gammal sommarvise som eg skreiv til ein konsert for Ålgård jentekor. Sigvald Tveit laga melodi til og songen vart sungen av Eir Inderhaug. Plutseleg er innlegget mitt her alt for langt allereie, men eg trur eg kostar på meg å ta han med likevel…

Havet

Der himmel møter havet i ei linje,
av liv, av lys, av alt me ikkje ser,
dit strekkjer blikket seg med våre lengsler,
der stilnar bølgja same kva som skjer.
Der havet ligg og voggar junidagen,
der sanden brenn og måken blir eit skrik,
der vil eg setja meg til ro i sola,
og vera stille i mi eiga vik.

For havet har eit hjarte likt mitt eige,
det bankar jamt og modig all si tid,
for havet vaskar sine salte sorger,
og sine gleder heilt til dei slepp fri,
frå alle tårer som har rent i havet,
frå alle songar frå forsvunnen dag,
som dunkar trufast med i havsens rytmar,
ein melodi av livsens hjarteslag.

Eg lukkar auga nå, sit ganske stille,
blir eitt med salt, med sol, med tang og vind .
Eg opnar alle mine skjulte sansar.
Eg blir ein tanke bare, og eit sinn.
Og alt eg er, ja alt eg veit og kjenner
blir eitt med vinden, han som stryk mitt hår.
For alt det livet som eg snart skal møta,
ber eg ei bøn, og reiser meg og går.

5B979E5B-BBBB-45D4-8BFB-A261853AFA4F

Då eg hadde landa dagen i dag, og skulle rydde på kjøkkenet for andre gongen, kom det reprise på Sommar i P2 med Kari Veiteberg. Programmet tolte godt å bli høyrd to gonger, så du som ikkje har fått det med deg, gå inn og finn det på nettet.

Eg kom til å tenkja på, -desse vanskelege og store samtalane om korleis me skal få det til å bli godt og fredeleg her i verda… Desse diskusjonane om korleis me skal verna livet og naturen og menneska, og desse vanskelege samtalane om politikk som har låst seg heilt fast, og om korleis me skal dela godene på ein meir rettferdig måte…

Eg kom til å tenkja på, desse berømte frokostane som Thorvald Stoltenberg er blitt så kjend for. Eg har tru på slike personlege tilnærmingar, nå har eg fått ein ide som eg meinar er fullt på høgde… Kunne ein ikkje invitera partane til vandring langs pilgripsleden langs jærstrendene og ta samtalane til kaffi frå termos ein stad der bølgjene skvalpar, lerka syng og skarven plaskar? Er me klare for ein aldri så liten kreativ vri på politiske stormøte? 😉

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: