Tjueandre juli i Krakow
Då eg fekk høyra frå min svært lokale reiseagent for eit par månadar sidan at me hadde fly frå Sola til Krakow klokka seks om morgonen, stussa eg på både datoen og tidspunktet. Det er gale nok i seg sjølv å reisa med fly om ein ikkje skal gjera det klokka seks ein sundag morgon på akkurat den datoen, som det knyttar seg så mykje sorg og uhygge til….
Neste tanke var klarare. Me kan ikkje la vondskapen leggja beslag på ein dato. Eg kjenner fleire som fyller år på akkurat denne dagen, og minst ein av dei har hatt problem med å feira dagen sin dei første åra etter Utøya-drapa. Me skal ikkje gløyma kva som skjedde, men kanskje ha tankar om å gjera denne dagen til ein dag med spesielt fokus på solidaritet, omsorg og nestekjærleik. Og visst gjekk det greitt å koma seg i veg og eta frokost i Krakow før ti. Det hjalp godt på prosjektet vårt å ha ein veldig grei eldsteson som gjekk med på å stilla som sjåfør klokka halv fem om morgonen sjølv om han kom heim frå ferie sjølv i går kveld.
Eg og Leif har i trettitre år hatt noko til gode i Krakow. Av alle ting drog me til Polen på bryllaupsreise i 1985. Først reiste me til Warzawa, ein spennande by som på den tida var sterkt prega av sovjettida. Det var køar overalt. Folk drakk krisekaffi med brent korn i, og folk stod lenge i kø for å få brød og dopapir. For oss som var utlendingar var det lettare, men på den tida var me to ganske ubemidla og fattige studentar me og. Planen var å kjøpa billettar vidare til Krakow i Warszawa, men etter å ha brukt ein heil føremiddag i ulike køar for å prøva å få togbillettar til studentpris med våre norske studentbevis, gav me opp og kjøpte billettar til Paris i staden, me lova oss sjølve å reisa til Krakow ein annan gong, og i dag vart løftet oppfyld.
Me kom hit, framleis med ryggsekker på ryggen ein vakker sundasmorgon og åt frokost på ein fortausrestaurant. Etterpå gjekk me ein tur i parken, og ende opp på sundagsmesse i ei lokal kyrkje. Snakk om å vera framandspråklege. Messa foregjekk på polsk og dei einaste orda me forstod var Jesos, Kristos. Det var og ei gjenkjenning i at ein solist song Panos Angelikos på latin under nattverden. Eg forstod og at det var ei fredshelsing rett før nattverdmåltidet, så då ein polakk med fast handtrykk trykka handa mi og sa noko eg ikkje forstod, svarte eg med eit høyrbart, men knapt nok forståeleg «Guds fred» på norsk… Noko eg fann interessant, men nesten litt merkeleg, var at prosjektor og storskjerm på veggen med salmetekstar på, har funne vegen heilt til gamle polske katedralar…
Krakow er verkeleg ein fantastisk by. Me bur midt i gamlebyen. Ein har nesten ein følelse av å vera på gratiskonsert. På annankvart gatehjørne står det veldig dyktige musikarar som driv med gatemusisering. Dama med kontrabassen var heilt rå. Ho spelte fingerspel som på ein gitar samtidig som ho brukte instrumentkroppen til å tromma rytmen med og song med kraftig, litt Edith Piaf-aktig stemme.
Denne gjengen klarte eg mest ikkje å riva meg laus i frå. Dei var ei gruppe med trombone, saksofon, to trompetar og slagverk. Dei spelte med heile kroppen og det svinga noko så heilt vanvittig.
Me har faktisk vore på ein ekte konsert og, ein kammerkonsert i ei lita kyrkje med ein veldig flink strykekvartett. Dei spelte kjende «svisker» i ein time, kyrkjemusikk, klassisk, låtar fråmusikalar og film- musikk. Det vart ein fin tidleg kveldstime. Etterpå har me ete polske dumplings på ein fortausrestaurant, vandra gatelangs og langs elva.
Dei har mykje fint kunsthandverk her, skulpturar og marionettedokker, men eg skal prøva å halda meg i skinnet. Eg bør ikkje fylla tunge ting i sekken første dagen. Det haldt og hardt då eg var inne på ein fantastisk leikebutikk med fine treleiker, handsydde dokker og handdokker, og bittesmå dokketeater med tema frå eventyr der ein kan skiva Røhette og ulven fram og tilbake på treskinner, eller ein kan spela Askepott med ulike bakteppe og kulissar ved å dra magnetstavar under dei små magnetiserte figurane.
Eg prøver å fortelja meg at den dagen nokon er klare for å bli med og spela mormorteater, så blir det sikkert minst like stas å laga utstyret sjølv. Likevel, det er slike leiker eg har lyst til å fylla huset mitt med, og eg veit at eg ville ha elska det om nokon gav meg slike leiker då eg var lita.
Nå får eg ta dagen ned for landing. Han har vore lang og innhaldsrik. Me får prøva å sova inn litt av dei tapte timane frå i natt slik at me vaknar opplagte til frokosten og ein ny Krakowdag.
Heidi