Måndag i Krakow
På Hotel Jan midt i gamlebyen i Krakow,har dei gitt oss det største hotellromet eg har budd på med to dobbeltsenger med halvvegg mellom. Lenestolar, bord og skrivebord, walk-in closet til klær, ryggsekker og koffertar og eit så stort bad at minst åtte mann kunne ha dansa der, for ein luksus. Me får nyta det, for dei to neste nettene skal me sova på toget, og bare den eine natta har me fått sovekupé. Eg håpar eg får Internett slik at eg får lagt ut reiseblogg dei neste to dagane og, men viss eg ikkje legg ut noko, så er det truleg på grunn av nettvanskar.
På Hotel Jan har dei samanrulla pannekaker på frokostbordet. Nalesniki, pannekake er eit av dei veldig få orda eg kan på polsk. Eg måtte smaka ei, det såg ut som det var solbærsyltetøy på. Fyllet viste seg å vera eit lag nugatti og eit lag syltetøy. Det slår meg av og til at me har relativt sunne matvanar i Norge…
Etter å ha ete frokost, la me i veg til fots for å finna den jødiske bydelen i Krakow. Etter å ha gått litt feil, fann me fram.
Me var inne i den jødiske synagogen og på den gamle jødiske kyrkjegarden der det var mange minneplater etter store jødiske familiar som var blitt utrydda under holocaust. Gravene var ikkje pynta med blomar. På gravstøttene låg det singel og småstein og papirark med det som kan ha vore utdrag frå heilage skrifter, eller kanskje brev til avdøde? Gravplassen var overgrodd av gras og ville blomar, og det lukta rosmarin og timian. Truleg vaks desse urtene vilt der inne.
Me var og på besøk på det jødiske senteret i bydelen. Etterpå gjorde me noko me ofte har gjort på turar i utlandet, kjøpte kvar vår 24- timars buss- og- trikkebillett for å hoppa på første og beste trikken, rett og slett for å sjå oss om. Leif fann ut korleis me skulle koma oss til Nova Huta, ein plass ca ei mil utanfor byen han hadde lyst til å sjå. Dette var eit område frå sovjet-tida, ein kommunistisk utopi av eit buområde, meint for arbeidarane frå eit stort stålverk like ved. På eit stort torg ved parkområdet stod det ei statue av Stalin som nå er borte. I staden finst ironisk nok, Ronald Reagan- plassen.

I området fann me fram til den gamle melkebaren, ein kantineaktig kafé som framleis er i drift på same måten som før. Her kunne ein få kjøpt seg middag til omtrent tretti kroner. Maten vart henta i små luker ut til kjøkkenet. Menyen var bare på polsk. Sjølv om høghusa var grå, og leilegheitane i fylgje ryktene bitte små, kunne ein sjå at byplanlegginga hadde vore ganske storslagen med parkar og grøntanlegg. Dessverre er viss dette området nå det tyngst kriminelt belasta i Krakow, men eg las ein plass at mange kreative idear blir tenkt, og at områda mellom nokre av husa er forsøkt å bli utvikla til hagar og fellesområde for dei som bur der. Kanskje det blir det nye hipsterområdet om nokre år?
[gallery ids=»25643,25634″ type=»
Slik det ser ut til å vera i utkanten av det jødiske området. Her er det mange uformelle og hippe kafear i bakgardar og hagar med bord av pakkar og campingstolar og servering frå små boder eller vogner.
Dette området ville me tilbake til igjen, for me hadde fått tips her på bloggen om at om kveldane var det klezmermusikk, tradisjonell jødisk musikk på restaurantane. Eg har høyrt eit program om denne typen musikk på radioen, og hadde veldig lyst til å høyra det live. Sjå for dykk den fiolinspelande spelemannen i Spelemann på taket, så har de typen musikk. Me hadde observert tidlegare på dagen at mest alle restaurantane kunne by på slik musikk om kvelden. Sidan vêret var så varmt og fint, spelte dei ute der fleire av restaurantene hadde uteservering. Det var to ulike orkestar som veksla mellom å spela, dei spelte i ca tjue minutt før dei skifta. Det eine orkesteret hadde trekkspel, fiolin og tverrfløyte, og det andre hadde trekkspel, to fiolinar og kontrabass. I det siste orkestaret song trekkspelaren og den eine fiolinisten på ein del av melodiane. Denne musikken appellerer til meg med hjartevarme og vemod. Eg synest det minner litt om sigøynerorkestar, som eg og liker godt å høyra på. Eg håpar forresten at det ordet er lov å bruka. Eg fann ikkje noko meir politisk korrekt i farten…
Etter to timar med Klezmermusikk, rusla me tilbake til hotellet, litt trøytte i føtene etter ein dag på vandring og med tankane fulle av inntrykk.
Heidi