Gå til innhald

Vis nestekjærleik

juli 24, 2018

45CAA010-CEA9-4CDA-8729-0EBF195D9983

Det er tysdag og siste dagen vår i Krakow. Det er veldig varmt ute. Me sit på ein restaurant i den jødiske bydelen på eit smalt fortau og drikk kaffi. Min variant heiter iscappuccino. Det smakar godt.

For nokre år sidan tok me med oss dei to yngste barna og besøkte Sachsenhausen då me var på ferie i Berlin. Det gjorde sterkt inntrykk. Då me kom til Krakow bestemte me oss for at me ikkje følte for å besøka Auschwitz i denne omgangen. I dag har me vore på eit av dei nyare musea i Krakow, Schildlers fabrikk. Det var i dette lokalet Oskar Schindler, kjend frå filmen Schindlers liste, dreiv emaljefabrikken sin og klarte å redda dei jødiske arbeidarane sine frå holocaust.

Det var og eit museum for det som skjedde i Krakow under krigen, og ikogokje minst med den jødiske delen av befolkninga som vart internerte på eit lite område dei sjølve måtte bygga mur rundt. Der budde dei alt for trongt, med to kvadratmeter hus pr person, og matforsyningane var elendige. Planen var å utrydda dei heilt gjennom ein fleirfasa handlingsplan, og i ganske stor grad lukkast dei med det… Ein av dei uttrykte grunnane var at dei tyske okkupasjonssoldatane skulle sleppa å forhalda seg til skitne jødar som kunne smitta dei med all slags sjukdomar.

Ganske mange polakkar fekk medalje etter krigen for å ha sett eigen sikkerheit på spel gjennom å skjula jødar eller hjelpa dei å flykta. Det er lett å tenkja at me ville ha vore som dei, men kven veit korleis det hadde vore med oss og motet den dagen det verkeleg gjaldt. Det er lett å kjenna seg igjen i songen til Bjørn Eidsvåg «og eg har tenkt det sko kje eg ha gjort…

Frå vår eiga tid veit me at det er lett å setja folk i bås. Det er lett å distansera seg frå folkegrupper med andre skikkar, andre veremåtar og andre tankar om korleis ein bør kle seg og tenkja «slik er dei».

Det er noko fint med å vera eit flokkdyr, men det kan vera forferdeleg vanskeleg å distansere seg frå flokken sin når alle etiske varsellamper burde blinka om at nå er me farleg vegar.

Til hausten skal eg ha ansvar for samfunnskunnskap på sjette trinn. Korleis får me ungar, både eigne og andre sine til veksa opp med respekt for menneskeverdet og vilje til å setja nestekjærleiken fremst når me skal navigera oss gjennom eit kronglete liv i eit innvikla samfunn? Truleg slik all psykologi viser gjennom å prøva alt me kan å vera gode eksempel…

Eg håpar me klarer å ta lærdom av at nokre gonger har det gått heilt forferdeleg gale…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: