Nattog til Budapest
I gårkveld pakka me koffertar og ryggsekkjer og sette kurs mot nattoget. Først av alt hadde me litt varm mat på ein utekafé. For å hugsa det til seinare, så var der veldig godt med pizza med tynn botn med fyll av ein litt salt ost, pære, valnøter, honning og rucculasalat. Det må eg prøva å få til.
Som med alle togavgangar, så var det ei lette å kunna konstatea at me var på rett tog frå rett perrong og togstasjon på rett dag.
Sovevogna likna veldig på dei på NSB, til forskjell frå dei kom det ein veldig hyggeleg konduktør inn og lurte på om me ville ha servert te eller kaffi når han kom innom oss ein halvtime før ankomst neste morgon.
Elles så fekk me utdelt det dei kalte ein «hygienepakke» beståande av eit lite handkle og eit lite såpestykke. Det var og frokost – ein slags søt bolle med vaniljefyll med romsmak og ei lita flaske vatn til kvar.
Me sov begge to, det blir spennande med neste overnatting, for då har me ikkje fått sovekupé. Så vil det visa seg om me framleis er spreke nok til å utøva interrailteknikken frå først på åttitalet med å leggja overnattingane til toget…
Det var ein vakker morgon å koma til Budapest på. Sola skein gjennom taket på stadjonshallen og alt var fredeleg og fint. Me fann oss ein stor oppbevaringsboks til bagasjen og kjøpte kvar vår 24- timars- billett.
Neste aktivitet vart elvesightseeing på Donau. Denne byen er ubegripeleg vakker.
Under er det me åt til lunsj og det me ikkje åt til lunsj.
Og sidan har me trikka rundt og hatt små pausar ute. Nå er det kaffi i skyggen på fortauet. Det er sikkert 35 grader sånn reint temperaturmessig. Min gode reisekamerat onkel reisande Mac, begynner å bli utålmodig, så dette får bli rapporten for i dag.
Heidi