Toget frå Budapest til Bucuresti
Då Leif bestilde tog, var det ikkje råd å finna ut av det med sovekupé. Me håpa derfor at det kunne ordnast på toget. Då toget kom var det eitt av desse blå, litt gammaldagse med høg trapp inn, som me har reist med før. Både me og toget var tidleg ute, og me fekk lagt fram situasjonen for konduktøren. Sovevogn kunne han ikkje by på. Me hadde fått plass i ein av desse gammaldags kupeane med to benker mot kvarandre. Det er plass til seks personar i kvar, og med eit handgrep kan dei gjerast om til sovekupé for seks personar. For dei som hugsar dei gamle sovevognene til NSB der ein delte med to tilfeldig medreisande, så liknar desse veldig, det blir bare sovevogn for seks i staden for til tre, og nummeret på billetten din avgjer kva som er di køye…
Konduktøren kunne tilby oss en heil slik for oss sjølve i staden for å dela med fire andre, og det takka me takknemleg ja til. Tilbodet fekk likevel ein bismak då me ordna betalinga og ikkje fekk kvittering for bytet, det var nok kanskje ikkje heilt etter boka…
Eg klarte likevel ikkje å la vera å vera glad for å sleppa å sova i ei overkøye nesten heilt under taket med fire ukjende. I vogna var det så vidt eg observerte bare småbarnsfamiliar og muntre ungdomar på interrail, så så forferdeleg skade gjorde det vel ikkje…
Det var ei fin, men ganske slitt restaurantvogn med plysj og dukar der me kunne få svinekotelettar eller steikt kylling, men me haldt oss til ein boks peanøter.
Togdoen fungerte heldigvis bra, men påfyll av dopapir eller såpe i dispensaren såg ikkje ut til å vera ei prioritert oppgåve. Utsikta frå togvindauget var nydeleg.
Toglakena var nyvaska, det var bare det at ikkje alle gjekk vekk i vask, høyrde eg konduktøren seia til ei engelskspråkleg jente som bad om å få skifta laken fordi det var både gule og brune flekkar på det ho hadde fått. Ho fekk nytt. På mitt laken hadde alle flekkane same farge, så eg hadde truleg hatt mykje mindre å syta for. Etter oppgraderinga av kupeen gjekk eg veldi stilt i dørene.
To gonger vart me vekte av folk som ville sjekka passa, elles så vart det ei heilt ok natt sjølv om rumenske tog ristar meir enn dei norske. Klokka seks vakna eg av at Leif var oppe og sat og såg ut mot eit vaknande landskap hylla inn i morgontåke.
Eg tenkte at dette er kanskje det næraste eg kjem draumen om å reisa med den transsibirske jernbanen… Dette å sovna på toget, vakna på toget og bruka neste dag på toget og. Me hadde kjøpt med oss litt niste, og det var nok lurt, for restaurantvogna virka ikkje så veldig innhaldsrik sånn varemessig. Utsikta var heilt nydeleg. Det er så kjekt å få sjå meir av eit land enn bare storbyane.
Det er ikkje så lett å få inntrykk her, for det let seg ikkje heilt gjera å fotografera alt ein vil når ein kjører forbi motiva i tog. Eg kan fortelja at eg såg åkrar med høystakkar, bønder som jobba med hest på åkrer og enget, flokkar med sauer og geiter og gjetarar i arbeid, storkereir med storkar i, myrer overstrødde av blomar, fine hus og hus som bare så vidt framleis haldt seg oppe, folk som skulle på jobb og venta på toget og hundar som bjeffa då toget kjørde forbi.
Me var på toget i tilsaman atten timar, og det var så spennande å kikka ut at eg verken tok fram bok eller skrivesaker.
Då me kom fram var me veldig klare for ein dusj etter to netter på toget. Me fann ut at me fekk koma oss ut i byen før me sovna og kanskje ikkje klarte å få brukt dagen.
Då eg kom ut frå dusjen høljeregna det. Det er meld ein del regn i dag og dei neste dagane, så eg angra litt på at eg hadde latt regnkleda vera att heime. Då me kom ut var det opphaldsver, og nede i byen såg det ikkje ut som om det hadde regna i det heile tatt. Ingen regnkleda støvlar og paraplyar var det å sjå heller, og varmt og godt var det, så kanskje folk ikkje tok vervarselet på alvor. Eg har forresten for første gongen i mitt liv lengta etter regn nå i sommar… I periodar med ekstremver forstår me betre kor sårbare me menneske er.
Heidi