Gå til innhald

Førsteinntrykk av Bucuresti

juli 26, 2018

1DFD77AB-4828-40EB-A25E-42E0C6010223

Eg er ikkje nokon stor reiseplanleggjar. Eg er veldig glad i å reisa når eg først er i gang med det, men ofte brukar eg minimalt med krefter på førehand, for då har eg så mykje anna å vera oppteken av… I dag på toget tenkte eg at eg fekk finna ut litt om Bucuresti, eg har hatt eit slags forhold til Romania, eg har til og med vore i landet før, men Bucuresti visste eg lite om, og i dag var tida inne til å orientera seg litt nærare…

49F18B81-796F-4945-9E18-1E4F39CDD268

Eg googla litt på nettet og sende ei melding til dei som eg visste hadde vore i byen. Kva burde me oppleva og sjå etter?

Opplysningane på nettet var sprikande. Nokon skreiv: Bucuresti er Lille Paris. Du kjem til å forelska deg i den byen. Andre slo fast at: Bucuresti er ein kjedeleg by med lite å oppleva. Dei fleste reiser fort vidare til Transylvania…

Eg fann ut at eg rett og slett fekk gjera opp mi eiga meining. Det er jo alltid spennande å leita etter ei meining.

Her er mine første førsteinntrykk, hausta ein ettermiddag i juli der den leitande var litt underernært på søvn. Alle slike rammefaktorer kan ha betydning for forskningsresultat:

– Me får eit kart på hotellet. På slike kart er det ofte symbol for kyrkjer, restaurantar og turistattraksjoner. På dette kartet er det merka av fleire like symbol for noko eg ikkje forstår kva er. Det er Leif som innvier meg i koden: Det symbolet betyr erotisk massasje, det er truleg bordellar eller noko som liknar… Hæ! Først trudde eg bare det var noko eg skulle lurast til å tru på, men eg såg at fleire såkalte erotiske klubbar var mellom dei som hadde gitt ut kartet og som hadde reklame for geskjeften sin bak på kartet. Eg stemde straks for bytting til nytt kart så fort det lot seg gjera…

5E6023D3-1A99-489E-8390-E2BFA01B0FDF

– Bucuresti virkar som ein by det er greitt å finna fram i med T-bane. Alt her er billig. Eit dagskort med T-banen kostar fa 16 kroner. Me et torettars middag med drikke og kaffi for to personar på ein koseleg restaurant og betalar ca 300 kroner til saman. Eg hadde soppsuppe med trøffel til forrett og grilla laks til hovedrett. Det smakte godt.

– Gatene er kaotiske på ein ganske triveleg måte. Det er på ein måte alt mogleg i ein litt rar blanding. Utanfor ein kafé er det ein plakat med eit stort cannabisblad og påskrifta: Folket krever legalisering nå! ( på engelsk).

Eg går inn i ei ortodoks kyrkje og lurer på om det framleis fungerer som kyrkje. Det er stillas framfor ikonostasen som tyder på oppussing. Det er visne blomar i ein vase, men i ein annan vase er det store kvite liljer. På eit stort bord ved inngangen ligg det ein voksduk med påskrifta Happy easter.

7CC8331E-FAED-4759-890F-6238003A9FC0

Eg går inn i ei anna og velhalden kyrkje. Ho skal vera den eldste i byen. Utanfor fotograferer folk bygningane og seg sjølve. Eg kjem inn. Det er ikkje så veldig mange menneske der inne, men dei utfører trushandlingar som gjer at det for meg blir nokre heilage minutt. Ei elegant kvinne i sekstiåra bøyer seg i helsing framfor ikon og ikonostase. Ho legg seg på kne ved eit altar, tårene renn frå auga hennar. Ho berører kors og gjenstandar, og legg ei hand på eit lite metallskrin medan ho ber på kne. Så tek ho opp eit brodert lommetørkle og gnir litt på loket av skrinet før ho kysser det. Så går ho til ikonostasen, veggen laga av store ikon der prestane går ut og inn av ulike dører, ho tørkar fleire stader med lommetørkleet før ho kysser der ho har tørka. Ein mann i flrtiårsalderen kjem inn. Han er kledd som ein heilt vanleg mann, kanskje ein lærar med dongeribukse og T-skjorte, han liknar faktisk ganske mykje på ein av kollegene mine. Han går og ned på kne ved ikonostasen. Han korsar seg og kysser ikona han og. Han gjer det same som dama, men bryr seg ikkje om å tørka av først. Ein annan mann, relativt ung kjem inn og begynner med korsing, kneling og kyssing han og. Dei gjer det alle i same alvoret, og bryr seg ikkje om at nokon ser på.

Kva er det med denne kyssinga? Det slår meg at dei tilber med munnen men utan ord. For dei må denne berøringa med lepper mot ikon vera ein viktig del av trusutøving. Eg føler meg litt spørrande, men samtidig blir eg rørt slik eg ofte blir når mennesket på ein open og naken måte viser tru.

Me kjem til eit gatehjørne og ser midt i ein brei alle eit midtfelt med gras og eit langt geledd med like fontener som unisont sprutar vatn simultant i ulike rytmar og mønster. På toppen av denne aleen ligg det me forstår må vera Ceausescu sitt psrlamentspalass, då det vart oppførd, den nest største bygningen i verda etter Pentagon. Dei siste fem åra brukte han tjue prosent av statsbudsjettet på dette heilt sinnssjuke byggjeprosjektet. Eg har lese meg opp på Ceausescu-perioden i dag og er heilt mållaus. Det er sikkert fleire enn meg som grøssande hugsar henrettinga av han og kona 1.juledag 1989. Dei viste det om og om igjen på fjernsynet og det var bilete over førstesida på laussalsavisene. Det gjorde sterkt inntrykk på meg å sjå to menneske bli skotne og henretta og vita at dette er ikkje «på film», dette er ekte.

575AF74F-D224-4B87-B4FC-96A000C89D21

Den siste scenen eg skal referera til er kort og brutal. Det var Leif som fanga det opp. Eg la merke til ei gravid mor som trilla to små barn i tvillingvogn. Ho såg sliten og herja ut og var truleg rusa. Det som eg antar var barnefaren var ein mann som såg nesten psykotisk ut. Eg er ikkje sikker på om dei selde noko på gata eller om dei tigga. Plutseleg kom det fire uniformerte politi og ville ta frå dei tvillingvogna med barna i og ta barna med seg. Truleg vart det bare bestemt at foreldra ikkje var i stand til å ta seg av dei på ein forsvarleg måte. Sjølvsagt protesterte mora med hyling og skriking, og andre blanda seg oppi det. Det vart eit bisart lite «gateopptrinn» som me valde å trekkja oss vekk i frå.

Kontrastane her er store. Leif har lese at gatebarn er eit reelt problem i Bucuresti. Samtidig pulserer det eit normalt byliv som like godt kunne vore i Stavanger eller Oslo. Eg må sjå meir av denne byen før eg er klar til å meina så veldig mykje, men fascinasjonen er stigande.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: