Romania og tidene
Etter eit veldig godt tips frå Anne Kari og Svein, så har me brukt mesteparten av dagen på ein veldig fin plass. I ein stor park ikkje så veldig langt frå hotellet vårt, ligg det ein liten «landsby» med hus som er gjenoppbygd frå ulike tidsepokar og frå ulike miljø og folkegrupper i Romsnia. Det var så fint. Mange av husa kunne ein gå inn i for å sjå, og alle husa kunne ein lesa om på oppslag utanfor.
Rundt husa var det naturleg miljø som blomsterenger og hagar.
Nokre hus kunne like godt stått heime i Norge. Andre var meir spesielle. Ein stad i Romsnia hadde det vore vanleg at halve husa låg under bakken, ein gravde eit djupt kvadratisk hol og så låg halve veggen under bakkenivå slik at golvet og halve veggen var av jord. Ein måtte nærmast klatra ned i husa, men inne var det koselege rom.
Det var og kyrkjer frå ulike tidsepokar. Nokre likna på gamle norske stavkyrkjer, men veggene var ikkje bygde i på same måten.
Det var gardstun og gamle maskinar og landbruksreiskapar, men og levande dyr som esel, høner, kattar og ei gravande jordrotte, men sistnemnde levde nok sitt eige liv og stod ikkje på lønningslista til museet.
Noko eg syntest var veldig fint var at dei hadde verkstadar for barn der dei kunne prøva seg på perlevev, gamle broderiteknikkar og pottemakarkunst. Det vart og vist fram kunsthandverk, og seld tradisjonelt bakverk. Nokre av museumsvaktene sat og strikka eller hekla etter gammalt mønster, det var urtehagar med gamle medisinurter og ein kafeteria der ein kunne kjøpa tradisjonelle matrettar. Me åt suppe med nybakt, framleis varmt brød.
Det som gjorde godt med dette var å sjå mangfaldet, alt som har vore og er Romania like så vel som alt det andre me ser og høyrer om, galne diktatorar som blir henretta, grå bygningar etter sovjettida, gatebarn, fattigdom og nyrike. Når ein kjem inn i gamle hus som er møblerte slik dei ein gong var, når katten smyg seg gjennom høgt gras og du kjenner luktene av gammalt treverk og nydelige gras, når du kjem inn i gamle mørke trekyrkjer og ser lampane som har blitt tende og ikona som har blitt kyste i tider med glede og med pest og uår, då veit du at det er noko eige med det å vera menneske. Tenk på alt livet som er og har vore, på alle dei som har gått foran oss og på alt me har å ta vare på.
Heidi