Gå til innhald

På bakerste benk

juli 27, 2018

94EA24AA-E779-4401-BC90-8B3B011A91F8

Sitatet over passar ikkje heilt, for i ortodokse kyrkjer sit ein ikkje på bakerste benk, ein står fortrinnsvis, eller ligg på kne på golvet. Likevel passar det, for når eg er på ortodokse messer får eg litt same kjensla som i Bjørn Eidsvåg sin låt: «Kva er det dei driv på med?» Ikkje misforstå meg, eg vil svært gjerne forstå. Spesielt etter besøk i ortodokse kyrkjer i Ukraina for to år sidan, har eg vore veldig fascinert av den inderlegheita folk viser i eit trusspråk som til dels er ganske annleis enn det eg er mest van med. Seinast i ettermiddag har eg prøvd å googla «ortodoks messe» for å prøva å forstå det betre, men det er mykje eg ikkje fekk svar på, så viss nokon som les dette kan forklara meir, så skal eg vera takksam.

Me er akkurat komne ned til sentrum og står ved den same kyrkja som eg var inne i i går, det ringer til ettermiddagsmesse, og folk strøymer inn. Me bestemmer oss for å gå inn me og. Ein del av kvinnene, men slett ikkje alle, har dekka håret med eit sjal. Til høgre i romet står ein forsongar ved ein slags pult. Han begynner å synga messa, og held på så lenge gudstenesten varer. Av og til fell ein av prestane inn, men stort sett høyrer me bare forsongaren sin stemme. Ein som kanskje er diakon i kvit liturgisk kappe, går rundt i rommet og svingar på eit røykjelseskar. Røykjelseslukta legg seg i kyrkja. Fleire av kvinnene legg brød av ulikt slag på eit bord midt i romet. Då me kom inn låg det allereie fleire brød på dette bordet. Det står og mjølposar der og opna flasker med olivenolje. Det er ikkje flasker, posar eller brød som står der for å vera dekorative. Mjølposane kjem rett frå hyllene i butikken, det same gjer olivenolja på plastflasker.

Nokre av brøda er fletteloff som kanskje er heimebakte, og nokre ser ut til å koma frå supermarknaden. Dei ligg på bordet oppå plastposene dei har vore pakka inn i. Kvinnene set vokslys i brøda og i mjølposane. Nokre av lysa er tende. Eg tenkjer at det kanskje er symbolsk. Er det takkoffer? Blir brøda delte ut til dei fattige? Blir dei brukte til nattverdbrød?

Døra lengst til venstre i ikonostasen er opna, og ein prest med messehagel over prestekjolen kjem ut. Den midterste døra i ikonostasen er delvis opna med ein slags sprinkelport inn til høgaltaret. Der inne ser me ein annan prest med prestekjole som ser ut som om han utfører liturgiske handlingar. Folk beveger seg i romet. Nokre går fram for å gjera ein slags hilsebevegelse mot ikona før dei kneler, korsar seg og kyssar eit eller fleire av ikona. Ei dame i shorts synest nok at ho bør ha tildekka hovud, så ho har snudd ein caps bak fram før ho går fram for å knela og kyssa. Det har danna seg ein liten kø framfor presten til venstre. Ein og ein går fram til han og kneler. Han gir dei brød rett i munnen. Så bøyer dei hodet og han legg messehakelen sin over hovuda deira slik at dei blir halvvegs skjult. Dei ligg slik ei stund, det ser ganske merkeleg ut. Han les noko frå eit papirark han har i handa. Så velsignar han dei og dei reiser seg og går. Er det eit slags skriftemål, tilseier han dei syndsforlating?

Ei kvinne går fram og kneler. Presten dekkjer hovudet hennar med messehakelen. Så ser han ei yngre kvinne i kyrkja og vinkar henne og fram. Ho kunne kanskje vera dottera eller ei yngre søster av den første. Denne kjem fram og kneler ho og. Presten dekkjer henne og slik at begge sit knelande dekka av messehakelen. Medan dette pågår kjem og går folk. Dei korsar seg unisont, eller kvar for seg, om og om igjen, og folk går fram og kysser ikona. Forsongaren syng utan stans. Ved eit lite bord ligg det papir og kulepennar. Folk skriv noko, truleg bøner til Gud, som dei legg fram til ikona.

Ein ung prest, eller kanskje munk, kjem inn i lang svart kappe. Eg blir litt nyssgjerrig på kva hans rolle er, men han ser ut som om han er der på lik linje med dei andre, han går fram for å knela, korsa seg og kyssa ikona. Så snur han seg og ser ut som om han er på veg ut igjen. Han får blikkontakt med presten som står og deler ut brød, presten vinkar han fram. Når den unge mannen kjem fram tek presten pause i det han held på med, og køen må venta. Dei to helsar på kvarandre som gode venner på romansk vis med klemmar og kyss på kvar side av ansiktet. Så blir dei smilande ståande og prata. Presten vinkar på den av prestane som står bak ikonostasen og utfører liturgiske handlingar. Denne kjem fram, helsar på den unge mannen på same måte han og, og alle tre blir ståande og prata.

Etter kort tid tek dei avskjed, og dei to prestane går tilbake til tenesta. Nye personar kjem fram for å knela, få brød og bli gøymde under messehakelen. Medan eg ser bort på to damer som skriv bønnebrev ringer det ein mobil. Eg er glad det ikkje er min, og tenkjer at det er fort gjort å gløyma å slå han av. Eg ser fram og oppdagar til min forbauselse at den velsignande presten står og snakkar i mobiltelefon. Dette er så merkeleg opphøya og veldig kvardagsleg på same tida. Eg kan vanskeleg sjå for meg dei heimslege prestane, Stein, Gunnar og Kjell Børge snakka i mobiltelefon midt under nattverden eller avbryte liturgien for å prata med ein dei ikkje har sett på lenge.

Sidan folk tydelegvis går og kjem som det passar, går eg og set meg på ein benk utanfor. Samtidig med at messa pågår kjem mange og kjøper lys som dei tenner i eit siderom. Etterkvart ser messa ut til å vera over, folk kjem ut og begge prestane kjem ut. Den eine går til sides for å snakka meir i mobilen. Bare forsongaren syng framleis der inne. Det siste me høyrer medan me går derifrå er songen hans. Det står høgtalar utanfor slik at folk høyrer det langt ned i gata.

Kva eg tenkjer på? Eg tenkjer at trua har mange språk. Noko av det eg såg har eg sikkert tolka heilt feil fordi eg ikkje veit betre. Folk som er aktive på messene her ville truleg kjenna seg like framande i Bryne-kyrkja som eg gjorde hos dei i dag. Det same gjeld den vesle mannen i dress i Morogoro i Tanzania som eg trur hadde sin kyrkjelege teneste i det å springa opp og ned i midtgangen for å blåsa rytmar i ei gymfløyte for å løfta stemninga i gudstenesten og dermed æra Gud. Det same gjeld nok damene som song og dansa medan folk venta på at gudstjenesten skulle begynna.

Eg veit og at det er mange menneske i Norge som synest all form for gudstjenesteliv er merkelege greier. Ikkje alle er vaksne opp på sør-vest-landet på 60-og 70-talet der sundagsskulen for mange nærast var som elementær allmenndanning å rekna.

Eg er glad for å sjå at mysteriet lever mellom menneske i mange land og byar. Eg unnar menneska ein Gud å tru på, og eg unnar ingen eit mysterielaust liv. Tru endeleg ikkje at eg meiner at dei som ikkje har ei tru knytta til kyrkja lever mysterielaust. Det siste måtte eg bare presisera. Så dum er eg ikkje at eg trur det…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: