Tog frå Bucuresti til Sofia
I dag har me hatt ein veldig fin togtur frå Bucuresti til Sofia. Turen tok ti timar. Me sat i sånn koseleg gammaldags seksmannskupe med to benker med plass til tre personar. Me hadde koselig reisefylgje med ein mann frå London og eit ungt studentpar frå København som var på interrail. Alle tre var for øvrig på alder med barna våre.
Me reiste forbi flate landskap og opne landskap, fjell, myrer med ein stor flokk av det eg trur må ha vore traner, og gjennom skogar. Ved grensa mellom Romania og Bulgaria kryssa me Donau over ei lang bru. Me kjørde forbi lange strekningar med solsikkeåkrar, forbi noko me trur var eit landboringsanlegg for olje, gjennom industriområde og små byar.
Me har lært å ha med nok niste og drikke på slike turar, ein kan ikkje gå ut i frå at det er noko å få kjøpt. Det er og lurt med våtserviettar og antibac. I dag var det rosa dopapir og såpe på begge toaletta, men på det eine var det tomt for vatn og på det andre spruta vatnet ut over golvet frå handvasken, slik at du måtte halda hendene på ein spesiell måte for ikkje å få spruten ut over heile golvet. Det var i grunnen greitt å finna ut kva som var grunnen til at det var ein cm vatn på golvet…
Den eine utgangsdøra gjekk det ikkje an å lukka skikkeleg, og vindauget i kupeen måtte behandlast på ein måte me ikkje heilt fant ut av. Det var så varmt at det var nødvendig å ha det ope, og til slutt kom ein av konduktørane og hjalp oss med ein skiftenøkkel. Bakdøra på vogna var heldigvis forsvarleg knytta saman med hyssing.
På begge sider av grensa måtte passa samlast inn og sjekkast. Dette tok litt tid, men elles gjekk turen som smurt. Tog er billig i aust-Europa. Eg har ingen problem med å anbefala denne måten å reisa på. Du får sett mykje, og det er triveleg å forflytta seg via tog. Bare ikkje vent at standarden er heilt som heime.
Medan me framleis var i Romania las eg ei veldig fin bok. Eg lånte ho på e-bokbiblioteket etter tips frå Leif. Boka heiter «Mine minste» og er skriven av norske Åsne Valland Nordli. Boka har undertittelen «Om gatefolk i Romania og eit forsøk på å hjelpe dei». Forfattaren budde i lag med mannen sin, og etterkvart to små barn, i Constanta, ein by utanfor Bucuresti i ca seks år, der dei var tilknytta kyrkjelege hjelpetiltak for å hjelpa gatebarn og gamle som var havna på gata på grunn av fattigdom. Boka var hjarteskjerande, men samstundes ei bok om håp. Det er rystande skildringar frå tida før og etter Ceausescu sitt fall, ei tid der det var barneheimar med rystande regime, store flokkar gatebarn som overlevde ved å varma seg i kloakkgangane under byen og skaffa pengar ved kriminalitet og i verste fall prostitusjon. Ho fortel og om gamle som hadde jobba og strevd eit heilt liv, og som vart så fattige når dei ikkje orka jobba meir at dei ende på gata…
Då eldstemann nærma seg skulealder, valde dei å flytta heim, men ho har bevart eit varmt hjarte for Romania og folket der. Ho skriv at dei siste to tiåra er mykje blitt betre, men det er framleis store utfordringar på mange felt. Det har minka veldig på gatebarna, heldigvis, men fleire av dei som måtte klara seg på gata på åtti- talet bur der endå, prega av rusmisbruk gjennom mange år, ofte sniffing, og ofte heilt manglande skulegang. Det seier seg sjølv at desse stiller bakerst i køen om å skaffa seg jobb og eit anstendig liv. Åsne Valland Nordli fortel at det og kan veta vanskeleg for neste generasjon å koma betre ut i livslotteriet enn det foreldra gjorde. Kanskje var det akkurat dette me såg for to dagar sidan då me såg politiet ta to barn i tvillingvogn frå eit tydeleg ganske herja par på gata… I boka stiller ho spørsmålet om det er nok vaksne i verda til å hjelpa alle dei barna som har det vanskeleg…
Noko av det fine med denne boka er at ho er skriven i uendeleg stor respekt for menneske ho har møtt i ulike vanskelege livssituasjonar. Eg anbefalar boka. Det var sterkt å lesa ho medan eg var i Bucuresti og både såg og kunne sjå for meg det ho skildra.
Nå gjenstår det å skaffa seg erfaringar frå Bulgaria. Me har vore i Sofia ein gong før. Då som nå var me der veldig kort, nesten på gjennomreise. Men i morgon blir det sundag i Sofia.
Heidi