Gå til innhald

Å sjå vårt eige med nye auge

august 13, 2018

Flyturen gjennom  natta gjekk kjempefint. Det vart opplyst om at dei kom til å fly med lysa av i flyet, og at dei ikkje ville forstyrra oss med informasjon før me nærma oss landing. Eg var litt redd at nokon skulle protestera på lyset på i-paden min, som eg hadde skrudd til lågaste nivå. Heldigvis gjekk det fint, så eg kunne kosa meg med ein André Bjerke-biografi medan alle andre tilsynelatande sov. Krisematen min frå flyplassen hadde havna i Leif sin bagasje i bagasjehylla, så den måtte eg klara meg utan. Etter ca halvannan time kikka eg ut vindauget og såg at nå kom sola opp. Så vart eg bare sitjande og stirra ein times tid. Det var så utruleg vakkert, horisonten vart meir og meir rosa, blodappelsinfarga, oransje og gul, og eg såg fjellformasjonar og byar som låg og glitra som diamantar. Det må vel ha vore lys frå gater og vindauge eg såg, men det var eit nesten magisk syn som ikkje likna noko eg har sett. Det einaste som bekymra meg var at eg syntest me flaug så lågt. Alt var liksom synleg og såg ikkje ut til å vera langt borte. Det var som dei siste ti minutta før landing på Sola når me kan sjå Jæren under oss og kjenna oss att. Eg tenkte såpass rasjonelt at sidan ingen på flyet såg ut til å bli stressa av det, så var me vel i den høgda me skulle vera. Hypokonderdelen av hjernen min kom med innspel om at det kanskje var fredelegare å krasja eit fly med sovande passasjerar enn å vekkja dei til full panikk, men eg klarte å avvisa dei impulsane som svært usannsynlege.

På eit tidspunkt kom flygaren inn i det same romet som oss og stod rett innanfor døra og gjorde strekkøvelsar med armane mot stive skuldre. Eg fann det sannsynleg at det nok var ein andrepilot i cockpit, og at det var nokså usannsynleg at vedkomande vart galen, stengde seg inne der for å styrta oss… Eg tenkjer at desse indre samtalane kan virka opplysande for rasjonelle menneske utan snev av flyskrekk, utan det minste anstrøk av å vera hypokondar og med langt mindre fantasi enn meg… Slik har me det nokre av oss når me er i fly. Sjølv har eg det mykje betre i fly enn før, og klarte til og med å nyta soloppgangen med bare ein liten bismak av panikk…

Me landa grytidleg i Oslo, og etter ein kopp kaffi tok me tog til Oslo S og gjekk til fots vidare for å møta Halvard, Sunniva og Trygve i den nyinnflytta leilegheiten til Sunniva og Trygve. Dette var avtalt for lenge sidan, eg hadde litt vondt av Sunniva som reiste via Athen og ikkje hadde kome seg i seng før klokka to, og nå skulle ta i mot frokostgjester, men slik fekk det vera. Når me har reist lenge ser me liksom vårt eige med nye auge. Plutseleg var Gardermoen ein skikkeleg luksusflyplass. Toget var så nytt og fint og perfekt og i Oslo var det god plass, kjøleg luft og fint og reint. Etter stormen dagen før låg det avbrekte store greiner på plenar og fortau og ein del skilt hadde blese ned. For å ikkje koma alt for tidleg tok me oss veldig god tid, og hadde ein liten pause i botanisk hage.

Det var kjempekoseleg å eta frokost i saman med «barna». Det gav meining til ei veldig lang mellomlanding i Oslo. Aller helst ville eg ha hoppa av her og tatt toget heim, men det viste seg veldig vanskeleg å få til fordi bagasjen vår var sjekka inn heilt heim. Eg fekk bare finna meg i at det vart ein flytur til på meg denne dagen. Det at eg mislikar å fly gir meg ein fordel i kampen for å prøva å leva grønare og meir miljøvennleg, så det kan eg jo velja å vera takknemleg for. Som eg sa til ei venninne, heller ei natt på ein flyplass enn ein time i eit fly. Det første bekymrar meg  ikkje nevneverdig, men det gjer det andre.

Men tilbake til det å vera i Oslo. Dersom eg var turist, trur eg at både hovudstaden vår og Jæren ville fortona seg som vakre, reine og svale destinasjonar.

På veg tilbake gjennom byen vart det ein liten pause ved Akerselva og litt lesing av plakatar. Oslo er blitt ein multikulturell by, spesielt den delen av byen der Sunniva bur nå. I dag begynner ho i ny jobb på ein skule der ca 80% har tokulturell eller tospråkleg bakgrunn. Tenk så mangefasettert hovudstaden vår og landet vårt er blitt. Tenk så mykje fint og spennande me har i lag om me klarer å bruka mangfaldet positivt.

Klokka fem var me heime. Eg tenkte at det hadde gått over all forventning å hoppa over ei natt. Tanken streifa meg nesten om kor mykje kjekt eg kunne ha brukt annankvar natt til om eg ikkje sov…  Eg kan beroliga dei som lurer på om det held på å klikka for meg at eg skreiv den setninten med ein viss sjølvironi. Katten var veldig kosete etter bare å ha fått mat av folk som kom innom for å mata og gå igjen den siste veka. Eg la meg ned på sofaen for å klappa katten litt og sovna der…

Men heldigvis vakna eg og fekk sjå to gonger Ingebriktsen vinna femtusenmeter i EM.
Resten fekk venta til ny dag der eg mest av alt høyrer heime.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: