Gå til innhald

Farvel til Hellas

august 13, 2018

Torsdag kveld gjekk me ein liten tur med Sunniva for å få med oss den siste solnedgangen i Santorini og for å eta gresk middag før ho skulle nå båten til Athen grytidleg neste morgon. Me hadde fått anbefalt ein stad som skulle vera autentisk, rimeleg og bra, men der viste det seg at alle bord var reserverte. Me enda som me begynte på den same plassen som me var den ettermiddagen me kom til Santorini. Eg veit ikkje om det har skjedd noko med mi evne til tidsoppfatning, for eg synest at alt går så fort, ferien, sommaren, åra og livet. Her gjeld det bare å bita seg fast med tennene, klora seg fast med neglene og pusta roleg inn og ut og kjenna at livet faktisk er her akkurat nå.

Etter å ha send Sunniva i veg med taxi klokka seks om morgonen, fekk me pakka livet vårt inn i ryggsekker og koffertar, så reiste me til den stranda me hadde vore på tidlegare i veka for å få ein siste dag i sola og sjøen. Eg kom på at eg kanskje måtte få tatt dette obligatoriske biletet alle legg ut på facebook, dette av tærne sine på ei solseng med hav og himmel i bakgrunnen. Dersom nokon har sakna akkurat dette motivet, så kan de sjå det nederst i venstre hjørne av bileta over. Dei ekstra observante kan oppdaga at tærne er dekorerte med gnagsårplaster. Dette har vore ein ferie med mykje gåing, og det har vore herleg.

Etter bading i den varmaste sjøen eg har bada i,  tok me somlebussen tilbake til Fira og fekk skifta av oss sandete badetøy under kleda på eit hotelldo i kjellaren. Så sette me oss på bussen til Kamari, der flyplassen ligg, og der dei «vaksne» i familien skulle eta middag i lag. Kamari var heilt annleis enn dei høgtliggjande «fjellbyane» me hadde vore i til nå. Her var det ein lang strandpromenade og opnare landskap. Me åt på ein restaurant heilt i havgapet. Her åt eg ein rett som mor anbefalte. Ho hadde oppdaga matretten ved å kjenna att ein rett frå ei bok ho hadde lese, der bestemora alltid kokte dette til middag.
Det var ein god grunn til å smaka, tenkte eg. Og det høyrdest dessutan godt ut. Eg har gløymt namnet på middagsretten, men det var langtidskokt oksekjøt med tomat og grønsakar og raudvin i sausen servert med potetstappe. Det smakte veldig godt.

Flyet vårt skulle gå klokka fire, så ungdommeleg nok hadde me planlagd å rett og slett hoppa over hotell denne natta. Me hadde tilbod om nattetimar på hotellroma til både syster og foreldre, men alle var trøytte og me ville heller koma oss til flyplassen, så me bestilte taxi ved midnatt.

757C5100-B848-4CE7-8A8A-8473F672C27C

Me hadde blitt fortalde at flyplassen på Santorini var veldig spesiell på den måten at han var bitteliten og utan noko skikkeleg venterom. Det viste seg å stemma. Den einaste benken inne i ankomsthallen var full av folk, og dei begynte ikkje innsjekkinga før halv tre. Ute var det varmt og deilig, så me sette oss utfor. Eg tenkte at det er ikkje kvar dag ein sit på fortauet utanfor ein gresk flyplass midt på natta, og med den tanken vart det nesten litt eksotisk å sitja der og lesa og skriva.

Innanfor innsjekkinga, som gjekk ganske fort var det ein heilt minimal tax-free- butikk. Det kan tenkjast at utvalet av alkohol og tobakk var relativt ok, men elles hadde dei nesten ingenting. Eg hadde kome på at me kanskje burde ha med oss litt mat sidan eg på grunn av flyskrekken min tenkte at det var heilt utenkjeleg å sova på flyet. Eg må nemleg vara vaken og forberedd på alt og i tillegg halda flyet oppe med tankekraft i tilfelle piloten av ein eller annan grunn skulle få problem…

Mat var det lite av på tax-free-en. Ein kunne få kjøpt ein liten pakke sjokoladekjeks til fem euro, eller sjokoladeovertrekte hasselnøter til same prisen. Det vart det siste.

Så fekk me vita at flyet var klar for boarding, me skulle fraktast dit i buss. På bussen var det mellom anna ein gjeng som hadde vore på russetur som kanskje hadde gløymt at dei fleste rundt dei forstod norsk. Samtalen deira var reine høyrespelet. Heilt fram til nå har eg lurt på om det var eit iscenesett skodespel for å sjokkera medpassasjerane, eller om det som vart sagt faktisk var ein autentisk samtale. Sidan det er stygt å lytta, skal eg ikkje skriva inn replikkane her, men heller spara dei til eg eventuelt skal skriva eit surrealistisk teaterstykke om norsk ungdomskultur.

Eg hadde grua litt for å ta av, for flyplassen med rullebanane var så knøttliten, og det såg ut som om flya gjekk veldig bratt opp. Nå var det heilt mørkt, så me såg ingenting, og snart var me oppe i lufta heilt smertefritt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: