Gå til innhald

Denne dagen et liv

august 22, 2018

CF989117-813D-44F9-879B-86A989EF8AC4

Det er utruleg kor fort ting går seg til når ein sommarferie skal bli til eit pulserande skuleår og strukturerte linjer av liv og kvardag. Etter tre dagar i klasseromet, har eg nesten, men bare nesten gløymt at eg nettopp hadde ferie.

Heldigvis kjem dei fleste barn tilbake til skulen med varme i blikket og forventning til å møta klassekameratar og lærarar igjen. Litt buttar det nok i mot å måtta stå opp om morgonen og leggja seg tidlegare om kvelden, men sjetteklassingane som er dei eg forheld meg til for tida har stort sett teke oppstarten på strak arm. Og jammen trur eg ikkje det var eit strøk av opprømt forventning på personalromet og der me heiv innpå siste kopp med svart kaffi iførte nye matchande T-skjorter med antimobbemotiv.

I tråd med tradisjonen stod personalet oppstilde ved flaggstonga og song Bryne – skulesongen i lag med elevar og foreldre. Denne gongen hadde me flinke forsongarar frå sjuande klasse. «Ikkje langt frå Bryne sentrum der ligge skulen vår, han æ gammale og nye, han æ fine. Her ska me gå på skule i sju lange gode år mens regnet pøse ner og solå skine…» Me rakk akkurat å synga ferdig før regnet kom, og i det lyden meir og mindre svikta oss, rakk me å senda ein kollektiv tanke til kollega Stig som kunne finna på å flytta frå oss etter tjue år.

Første dagen var av maratonslaget med oppstart i skulen først og tre omgangar oppstart i kulturskulen etterpå. Me god hjelp av eldstesonen har eg og klart å finna ut korleis eg loggar meg på nettforelesningar og nettmøter med studiegruppa. I går var eg kjempestolt over å heilt utan hjelp oppnå kontakt medgrupa mi. Det er veldig uvant å sjå seg sjølv på ein skjerm medan eg snakkar, men det blir vel ein vane… Som for å understrøka at tida har gått inn i ei ny fase har det vore ganske haustleg ute eit par av dagane.

I dag ettermiddag hadde eg ei «hovudet godt over vatnet-oppleving.» Morgondagen er under kontroll, oppstarten med 17 unge strikkarar som skal produsera kvart sitt sitjeunderlag hadde gått over all forventning og planleggingsmøtet for neste veke var over.

58778730-9CF8-46B4-8193-32F828781F55

Det kjennest og som om den mystiske sjuka som kan tenkjast å ha vore med i kofferten heim frå Hellas langt på veg har sluppe taket i både meg og dei andre. Det er og noko å vera takknemleg for.

For å få gått litt i regnet vart det byvandring i dag. Eg har falt for fristelsen til to spontaninnkjøp. Eg kjøpte Ketil Bjørnstad si siste bok om 90- talet fordi ho har frista meg i bokhandelen denne veka. Eg har venta på boka og vore inne på e-bokbiblioteket kvar dag for å sjå om dei har lagt ho ut. Då 80- talet kom,  gjekk det lenge før boka var tilgjengeleg på e-bokbiblioteket, og då det kom så langt var det lange ventelister. Eg fekk forresten ei anna bok i hendene i dag, boka med tips til skapande skriving, som eg har laga i lag med Thomas og Mari. Det er vel ein slags naturlov at den dagen ein gir ut ei bok får ein lov til å kjøpa ei bok? Bokbransjen må jo ha brukbare levekår.

Det andre spontankjøpet var ikkje fullt så spontant. Eg og Ingrid har gått og kikka på ein fantastisk barnekjole som har vore utstild på den lokale strikkebutikken sidan i vår. Gullungen, som til vår store stolthet har lært å seia, hei, mamma og  gakk gakk, har på ein nonverbal måte gitt oss forståing av at ho ville vera veldig søt i ein slik kjole når det blir jul. I dag vart det kjøpt inn garn. Det er tida for romanar og strikkepinnar i vinterstova medan det regnar ute og me ventar på dei siste sommarvekene. Då eg kom heim, vart eg klar over at det ligg ein del ikkje heilt ferdige strikketøy der frå i vår. Det er godt eg har mykje kjekt arbeid i vente,

0D8342FA-1AD4-42F2-BD68-DE0EFB5FD639

Overskrifta på dagens innlegg, «Denne dagen et liv,» er ein setning som brant seg fast i meg frå TV-serien «Vi på Saltkråkan» av Astrid Lindgren som vel gjekk på TV på slutten av 60-talet. Det var far til Pelle, Niklas, Johan og Malin, den snille, men svært upraktiske forfatteren Melker Melkerson som siterte og funderte over desse orda.

I sommar har eg lese ein fin ny Astrid Lindgren- biografi av Jens Andersen som har fått dette sitatet som tittel. Eg har lese veldig mange Astrid Lindgren- biografiar, og ein kan undra seg over at nokon vil gå i gang med å skriva endå ein, er beundringsverdig. Denne er fantastisk, eg anbefalar ho på det varmaste. Nå svarte eg akkurat på ein sms, og tru det eller ei, i melllomtida hadde katten viska vekk eit langt avsnitt om Ronja Røverdottar ved å setja seg sjølv eller ein labb på backspace-tasten. Det var nok det fornuftigaste. Innlegga mine blir fort for lange.

I staden skal eg la Astrid Lindgren sjølv få koma til orde:

«Hva som ikke er livets mening, det vet jeg. Å samle på penger og saker og ting, å leve et kjendisliv og pynte seg på ukebladets kjendissider, å være så redd for ensomhet og stillhet at man aldri rekker å tenke etter i fred og ro. Hva gjør jeg med min korte stund her på jorda?»
Astrid Lindgren

Heidi

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: