Gå til innhald

Siste dagen i august

august 31, 2018

A80C9EBB-EDC8-42AE-9ECF-57D26CB0A22F

Det er siste dagen i august, og dagen kjem med ein smak av seinsommar. Det gjer godt. I morgon får eg vel kanskje innsjå at det teknisk sett er haust. Hausten er fin den og.

Skuleåret rullar og går, det meste er i gjenge att, og det kjennest godt. Som ny student av året er eg i gang med nettforelesningar og lesing. På den første forelesningen fekk me beskjed om at stipendløysinga, det vil seia å lesa på toppen av jobben, ikkje var ei spesielt god løysing. Dei meinte at for å gjennomføra eit halvtårsstudium burde ein ideelt sett ha vikarordning, det vil seia to dagar nedsett arbeidsveke, elles ville det heile bli alt for travelt.

Eg må innrømma at eg ser på det som eit paradoks at det er det dei går ut med. Eg og mange med meg ville helst hatt vikarordninga, men bare ein lærar pr skule pr år får denne i mitt hjørne av verda. Me er mange som må ha kompetanseheving, og dermed må dei fleste av oss ta studia på toppen av vanleg jobb. Her er det eit eller anna som ikkje går heilt i hop.

Når det er sagt, så trur eg at det skal gå heilt greitt for meg med norskfaget, som eg er veldig interessert i. Etter å ha undervist i norsk sidan 1985 burde eg vel ha fått med meg litt… Når det er sagt, så veit eg ikkje om eg ville ha våga å gå laus på matematikk eller engelsk på denne måten.

C8C45B5B-1312-40E5-A8ED-F066F4D506BB

Men eg får velgja å sjå det frå den vinkelen at eg er heldig som får sjansen til å fordjupa oss i eit fag som interesserer meg. Det er heilt sikkert nye ting å læra.

463ADB63-BFCB-4BA5-9A19-4A9C9AF33E57

Augustbileta eg legg ut i dag tok eg sist sundag i nærleiken av Hå gamle prestegård, der eg først var på loddselgjingsdugnad for vennelaget og så tok ein fantastisk spasertur i fint ver. Dette er ei av dei aller vakraste tidene på året når veret er fint.

Det er ikkje bare skulen som er i gang, resten av livet har og lagt seg på plass i ferdiglagde gjerningar med sundagsskule, kveldsgudstenester, venninnekveldar og kulturskule.  Kjærasten min har sykla pilgrimsvegen til Santiago de Compostela på ein samanleggbar sykkel. For han er slike aktiviteter ikkje merkelege i det heile tatt. Han avspaserer veker etter eit fjorår med konstant overtid, og skal bruka mesteparten av vekene til eit fagbokskriveprosjekt han har fått stipend til å gjennomføra.

Eg har plutseleg mange fleire timar med aleinetid enn eg er van med å ha, men i desse start-opp-alt-på-ny- fasen, så har eg hatt meir enn nok å bruka timane på. Eg har tenkt av og til at eg treng å øva meg på å vera aleine, eg er nok utprega sosial og toler å ha menneske, gjerne mange menneske rundt meg til ei kvar tid. Eg er vel i grunnen nesten det einaste mennesket eg kjenner som på ramme alvor kunne tenkt meg å bu i kollektiv…
Likevel så trivst eg i eige selskap, spesielt viss eg veit at det er mange eg når som helst kan oppsøkja viss eg får lyst… Det å reisa rundt aleine i verda heilt aleine slik Leif gjer, hadde nok ikkje vore noko for meg. Det er interessant at me menneske er så ulike.

 

Eg har nokre store tankar eg har lyst til å skriva blogginnlegg om. Det er slike tekstar som eg veit eg må ha litt tid til å gjennomføra å få skrive. Ein av dei handlar om fortrylling og avfortrylling av verda. I dag får det bli ein kvardagstekst. Anna har eg ikkje tid til i dag, nå skal eg snart ut i sola med gullungen på ti månadar.

86218B28-F41E-48C9-A052-6FF3161861F7

Det eg har tid til i sommar er å gje deg ein augustbukett med markblomar og kviskra «Takk for fylgjet gjennom sommaren», eg håpar at hausten blir god. – Og så vil eg ta med eit til dikt av alle dei fine Benny Andersen har skrive. Eg fann fram dei samla dikta hans då eg høyrde at han ikkje var her lenger. Med eit aktivt lite kravlekryp på ti månadar, og med naturen på sitt finaste, synest eg det kan passa med diktet «Kryb»

***

Kryb

Velsignet de små i verden,
som vedblev at være små,
krybet, der vedblev at krybe
dengang vi lærte at gå.

Sneglen med hjortegevir
og fyrigt knejsende nakke,
ormen der krydser havet,
de store kaller en bakke.

Tægen der gynger på bladet
som fiskeren i sin båd,
larven der hænger i lyset
som dykkeren i sin tråd.

Den eneste udvej jeg kender
når allting er gået i stå:
at gå hele vejen tilbage
og begynde igen hos de små.

Velsignet de små i verden-
åh, lad mig til bunds forstå:
Det er nødvendigt at krybe,
for den der vil lære at gå.

Benny Andersen

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: