Kjærleiksvise
I dag fekk eg spørsmål om eg hadde teksten til denne visa eg skreiv for eit par år sidan. Eg måtte leita skikkeleg i filer og blogg-arkiv, men fann han til slutt. Fekk lyst til å leggja han ut her og, sjølv om eg gjorde det for to år sidan og. I dag har det vore nok ein bonus- seinsommardag, og eit kjærleiksdikt for seinsommarmenneske kan vel adri vera heilt feil…
Kjærleiksvise i august
Me møtte kvarandre i juni
då natta var vaken og stor,
vemodig og vakker
og svart- trasten song
i angar av gras og av jord.
Me møttest i mjuke famntak,
og snubla i blikk og i ord.
Me var hos kvarandre i juli
då blomane blømde og lo,
då livet var mjukt
og uendeleg stort,
og svaberga brende som glo,
mens småbarna gråt og pludra,
og bølgjene svala og slo.
Sjå nå er august snart til ende
med mognande blomar og bær,
me står her i lag
og held dagane fast,
for framleis er sommaren her,
høyr kveldane dirrar og mognast
dei nynnar om alt det som er.
For framleis er sommaren sommar,
sjå blåklokker står her på tå.
Dei ringer for alt som har vore og er,
og alt som skal koma og gå.
Eg kjærteiknar dette med blikket,
og veit eg har livet mitt nå.
Sjå framleis ligg enga og blømer,
det bugnar av liv på mitt fang,
og vinden han syng meg ei vise,
ho er både lettbeint og vrang.
Eg kysser deg varleg på panna
og håpar september blir lang.
Heidi