Gå til innhald

Advent 2018- luke 1

desember 1, 2018

EA08262B-3C3A-487A-942F-12FC7FE94703

I alle dei åra eg har skrive blogg, så har eg aldri skrive så lite som denne hausten. Det skuldast ikkje at all skrivekløe har stilna, – snarare tvert i mot. Det er bare det at når eg er halvtidsstudent på sida av jobben, og ikkje har klart å bestemma meg for kva eg skal slutta med å gjera i eit allereie nesten overmøblert liv, så blir konsekvensen at det eg ikkje får tid til er eit nesten reint lystprosjekt, nemleg å skriva på «Sporisand».

For dei som måtte lura, eg har det bra og er oppe og går. Nærare bestemt så les eg til eksamenar som eg skal ha på torsdag og fredag i veka som kjem. Etter det ventar ein lang ferie frå studia, så da skal eg bare rekka det eg pleier å rekka når eg ikkje er student.

Det eg har lova meg sjølv, er at det skal bli adventblogg som vanleg, og med dette lovar eg det same til alle som har lyst til å lesa. Det er ikkje sikkert det blir lange innlegg kvar dag, men innlegg skal det bli. Det er nokre tradisjonar som fortener å bli haldne ved like.

ABA6633F-F4BD-42ED-829A-D46618463C9B

Ny mac har eg fått meg og, og nå når eg sit og skriv på heilt ny maskin, slår det meg kor utruleg treig den gamle var blitt. Det å lasta opp bilete og finna fram går unna på ein brøkdel av tida, så nå trur eg det vil bli mykje mindre tidkrevjande å skriva her enn det har vore i det siste.

I tillegg til å dukka ned i alle kompendia eg skulle lesa i tillegg til pensumbøkene, så har eg og fått tid til å vera mormor i dag. Det er fantastisk å få bruka tid med dette vesle vesenet som i beste fall seier med entusiasme: «Mammar!» når ho ser meg. I alle fall likar me å tru at det er det ho seier.

Sjølv om ho ikkje snakkar så veldig mykje ennå, så gledar ho meg og resten av verden med små jublande utrop for alt som er spennande og nytt, «Oi!!!» Ho har forstått såpass som at desse utropa er sjarmerande, så ho oiar seg over det meste. Får ho mat ropar ho begeistra «ummmmm!» når ho får det i munnen, og opplever sjølvsagt stor anerkjenning for det og. Etter å ha gått «langstemed» og klatra overalt heilt sidan i sommar, så er det først nå at ho har fått syn for at det å gå over golvet på eigne bein kanskje går nesten like fort som å krypa. I dag gjekk ho eit langstrekk på 10-15 steg utan at nokon klappa i hendene, så då måtte ho stoppa opp midt i den framleis noko vaklande spaserturen og klappa litt for seg sjølv.

Det er ein sann fryd å observera og delta i prosessen når eit nytt lite menneskebarn erobrar livet og verda. Det er nesten som om ein sjølv ser det heile med eit litt nytt blikk. Heldigvis er ho glad i å «lesa bøker» og synga og spela piano. Eg håpar ho blir glad i å leika og, for eg har kjempelyst til å leika med dokker, teaterdokker, dokkehus og diverse rolleleikar når ho blir litt større. Men det er slett ikkje sikkert at det er slikt ho har mest lyst til å driv på med, så då får me justera oss inn på andre interessefelt. Me skal ikkje vera vanskelege slik. I dag var ho her mens foreldra var ute på julehandel. Me trilla henne heim i vogna klokka halv seks, og då sat ho i vogna med lysande auge og såg på verda som var mørk allereie og alle lysa som var tende i tre og på husfasadar. Me klarte så vidt å forhindra at ho sovna i vogna etter nok ein dag i skyhøgt tempo. Viss me vaksne hadde prøvd å bevega oss i tempoet til eit eitt-åring, så trur eg me hadde end opp med å liggja andpustne på golvet etter ein time eller to.

CF5D7FB5-AAE3-4D4D-97F2-76F03453504E

Dei siste vekene har eg tenkt mykje på eit råd frå Forkynnaren i bibelen. I det første verset i kapittel 11 står det: «Kast brødet ditt på vatnet, for med tida finn du det att.» Slik er det ikkje bare med brød, men med tekstar og. Eg skriv ein tekst med glede og kastar han på vatnet og gløymer han nesten av, før han plutseleg, som ein annan Fugl Fønix kjem flygande tilbake på nye venger.

Bjarte Lending har ikkje bare sett melodi til den jærske julevisa mi, han har og laga flott melodi til ein song me laga i saman i vår og som høyrest utruleg flott ut med orgel og kor. Hilde Svela har gitt ut plate med to av mine tekstar, og Frank Robert Andreassen har gitt ut plate i haust med mykje av mitt tekstmateriale. Det er fascinerande og spennande å sjå kva ord eg ein gong fanga i lufta kan bli til. Eg veit og at fleire flinke folk har mykje fint i skuffene av deira noter og mine ord, som bare ligg og ventar på å bli løfta ut i livet av den rette songaren, med tida… Nokon held og på og lagar biletbok av mine tekstar, pg det blir utruleg spennande å sjå det ferdig. Etter å ha lese boka «Snøsøster» av Maja Lunde og Lisa Aisato, er det sånn omtrent min største draum å få laga biletbok i lag med Lisa Aisato ein gong. Det er lov å drøyma.

Det eg gjorde på torsdag var og veldig kjekt. Då opptrådde eg i Brynekyrkja saman med veldig flinke Mari Ask Helland som spelta Hardingfele og song/sulla/nynna medan eg las tekstar om det å leva. Det musikalske arrangementet var diverse improvisasjon over melodien til «Jesus din søte forening å smake.» Det har eg og lyst til å gjera meir av, akkurat som eg har lyst til å laga ei forestilling i lag med Carl Petter Opsahl på klarinett. Og elles så vil eg gjerne opptre meir i lag med Torhild og Anne Kristine og. Det er så kjekt å skapa i lag med andre menneske.

Men først skal eg ha eksamen, og skriva blogg, og gjera i stand til jul, og avrunda eit semester på skulen. Eg lovar å ikkje vera like ustoppeleg i skriveflaumen alle dagane i desember, men sånn går det når det ligg for mykje god skrivelyst oppdemma…

God advent til alle.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: